Kjell Omland he vore ansvarleg redaktør i Radio Evje heilt sidan oppstarten for 25 år sidan. Han kan sjå attende på 25 aktive og ikkje minst strevsame år. Ei solid stamme med ivrige dugnadsfolk he halde liv i den omtykte nærradioen. Programkomite, teknikarar, telefonvakter og programleiarar. Det er mykje som skal klaffe for å få hjula til å gå rundt. Han veit kva han talar om, Kjell Omland. Banksjef i snart ein heil generasjon he lært han mykje om dette med å byggje opp ei verksemd – frå botnen av. Stein for stein. I dag kan han presentere Radio Evje som ei verksemd med solid økonomi.
Radioen er eigd av fem ulike lag og foreininger som alle he tilknytning til bedehusmiljøet på Evje. Inntektene kjem frå bingo, annonsesal og lotteri. Det årvisse jolelotteriet plar tilføre kontoen omlag 100 00 kroner.

Redaktør Kjell Omland
No er Radio Evje klår for eit nytt skyttarstemne. Sist dei gjorde dette var for nøyaktig 10 år sidan. Då var radioen eit populær innslag, og redaktøren hausta mykje fagnad for måten dei gjennomførte oppgåva på. Opplegget denne gong vert tufta på same leisten som forrige gong. Resultatsørvis, reportasjar, konkurransar, annonsering, helsinger og sjølvsagt mykje fin musikk. Musikk 24 timar i døgeret.Radiogjengen, rundt 15 personar i talet, ligg no i hardtrening og pussar på dei siste detaljane. Redkatør Omland vert sjølv å finne bak mikrfonen – og lyarane finn fram til Radio Evje på frekvens 107,6 Mhz.





