Kva skjer?

Moisund.com – TV

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Menighetstur til Åpta.

Masi 08 014Solfrid Abusdal er leiar av soknerådet i Hornnes. No vil dei to sokneråda i kommunen på tur til Åpta. Det heile skjer i september månad, nærare bestemt frå den 18 – til den 20. Få dagar før elgjakta, og såleis vanskeleg å finne ein god grunn for å halde seg heime. I fylgje programmet, som nyleg kom redaksjonen i hende, er det lagt opp til eit spanande og omfattande program. Program for både store- og små.Det vert avreise frå Hornnes kyrkje, klokka fem på fredag ettermiddag.  Etter innsjekking og ei kraftig matøkt på Åpta vert det skipa til «natt-treff » i  peisestova. Kva slikt inneber he me ikkje det minste peiling på, men i fylgje toleg truverdige kjelder  plar dette vere eit av høgdepunkta på turen.

Åpta misjonssenter ligg fint til, like ved sjøen, innerst i Åptafjorden. Staden ligg i den vesle grebda Herad, i Farsund kommune

"Åpta Misjonssenter" ligg fint til innerst i Åptafjorden. Staden ligg i den vesle grenda Herad, i Farsund kommune.

På laurdagen er det ikkje meininga at du skal kvile så altfor lenge under dyna – eller i soveposen. Klokka 08:15 er det tid for morgongymnastikk med tilhøyrande morgonbad. Det vert då høve til å senkje heile lekamen ned i kaldt og forfriskande sjøvatn. Laurdagen syner seg fram som den store aktivitetsdagen. Det vert aktivitetar og tidtrøyte både ute – og inne. Laurdagsgraut, natursti, middag, generasjonsmix og samling for ungdomen nede på stronda.  Det siste skjer seint på kvelden, omlag klokka 22:00. Då kjem myrket sigande inn øve fjorden, og dersom månen syner seg i full storleik på himmelkvelven – ja då kan mykje skje. Då kan dette på mange måtar verte ein minnerik tur. På sundagen vert det morgonmat, Gudsteneste med tilhøyrande skriftlesing og salmesong. Det heile vert avslutta med ein kraftig middag klokka 13:00 Middagskvil er ikkje medrekna i programmet.

Dette er ein tur mange  bør syne interesse for. Ein gild tur i hop med gode vener. Helsebot for lekam og sjel. Mykje frisk luft og åndeleg påfyll. God mat – og ikkje minst den gode samtalen. Eit avbrekk i kvardagen som mange bør take seg tid til.

Du må melde deg på innan den 2o. august til kyrkjekontoret. Dei he fenge tildelt eit 8 sifra telefonnummer som lyder slik: 379 30008.  Eller du kan bruke eit moderne internettapparat og sende brev til fylgjande adresse: evje.sokneraad@eh-kyrkje.no

Vel møtt skal Dykk vere – alle i hop.

Foto: Geir Dåsvatn

Foto: Geir Dåsvatn

Stengt for kommentarer.