I samband med jordberfestivalen, no på laurdag, vart det kunngjort at Evje & Hornnes Sparebank forlenger sponsoravtalen med Otra idrottslag. Dette kom truleg ikkje som noke stor øverasking på dei frammøtte. Sparebanken he vore hovudsponsor heilt sidan 1982. Ein svært viktig samarbeidspartnar i det lokale kulturlivet. Den nye avtalen, som no vart underskreven, gjeld for 3 nye år. Idrottslaget vil få 120 000 kroner kvart år i avtaleperioden. Banksjef Kjell Omland til venstre på bilete. Den andre guten er ein tydeleg nøgd leiar i Otra IL, Finn Bjørn Rørvik. (foto: Geir Dåsvatn )





