x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Ann Louise vart beste norske!

BowlingDen sjette internasjonale bowlingturneringa på Evje vart avslutta på sundag. Rundt 100 deltakarar frå heile landet samt to profesjonelle spelarar frå USA har dei siste 11 dagane tevla om å reise heim som vinnar av «Evje Open International 2009″. Petter Hansen frå Sollie Bowlingklubb vann herreklassen medan Kelly Kulick frå USA vann dameklassen. Ann Louise Haugen Andersen som har vakse opp i bowlinglokala på Evje tapte med knapp margin i finalen mot den amerikanske jenta, men vart trass alt beste norske dame. Eit flott arrangement og ein fin gjeng var det inntrykket ein set igjen med etter å ha vore tilstades ved fleire høve under tevlinga.

Bak frå venstre: Mads Sandbækken (nr.2), Petter Hansen (nr.1) og Rino Page (nr.3). Framme frå venstre: Ann Louise Haugen Andersen (nr.2), Kelly Kulick (nr.1) og Andrea Hansen (nr.3).
Bak frå venstre: Mads Sandbækken (nr.2), Petter Hansen (nr.1) og Rino Page (nr.3). Framme frå venstre: Ann Louise Haugen Andersen (nr.2), Kelly Kulick (nr.1) og Andrea Hansen (nr.3).

Sjå intervjuet med Ann Louise etter finalen!

Stengt for kommentarer.