x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Framleis liv i den gamle stasjonsbyen.

FramsidaI ungdomen, då ein stundom tok buss til byen, ja då var det heilt obligatorisk med ei pause på Kile kafe. Kaffe, røyk – og sjølvsagt høve til naudsynt vasslating for dei som kom frå øvst i dalen. Det er framleis liv i den gamle kaffestova. Du fær framleis kaffe, servert i sponsa pappkrus, levert av ein eller annan velviljug leverandør. Arild Omestad, og kona Inger Lise,  er vertskap i den tradisjonsrike bygningen. No er dei inne i sin mest travle periode. Arild Omestad he steld med stein i heile sitt liv. I ungdomsåra  tenestegjorde han i den vidgjetne » Beinemyrgruva » på Landås. Denne gruva vart den gong driven av Teodor Gautestad. Ein røynd gruvemann i distriktet.

Seinare tiok Arild til som anleggsarbeidar, og arbeidde med stein og pukk i meir enn 30 år. No he han leigd fyrste høgda i stasjonsbygningen på Kile, og lever av å selje stein til m.a. tyske bubilturistar. Mannen er steingalen. Ein fagmann.Ute

Arild Omestad he samla mineral i meir enn 50 år. Denne røynsla – og denne kunnskapen set turistane umåteleg pris på. Tyskarane er i fleirtal, og dei handlar mykje mineral. Eller forå seie det på Arild sin eigen måte: » Dei handlar ikkje mykje, men dei handlar litt av alt.» Butikken er open frå fyrstninga av juni – og til langt ut i august. Det er eigentleg veret og turisttrafikken som avgjer akkurat det spursmålet.Stein i hylla

Steingalne folk frå heile verda he høyrd om mineral frå Iveland. Arild Omestad kan fortele ei eiga historie om kvar einaste stein.  Her finn du sjølvsagt ikkje berre stein frå Iveland. T.d. er det ein eigen bolk med mineral frå Kristiansand. Elg

Denne elgen ende sine dagar på Åpåsdal, innerst i Ilderdalen. Truleg ender den opp på ein stovevegg i Tyskland. Du skal likevel ha romsleg bil dersom du skal få med deg dette hovudet på toppen av all feriebagasjen. Arild he ikkje lenger tal på kor mange turistar som he teke bilete av dei næraste pårørande – med elgen frå Åpåsland i bakgrunnen.

For mange norske nordmenn er det kan hende dette skiltet som vekkjer mest åtgaum - og flest kjensler. Skiltet er til sals, men prislappen var teken bort....

For mange norske nordmenn er det kan hende dette skiltet som vekkjer mest åtgaum - og flest kjensler. Skiltet er til sals, men prislappen var teken bort....

Stengt for kommentarer.