x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Betongen vert levert med helikopter.

IMG_0890Dammane er frå tidsbolken kring 1913 -1915. No er tida komen for naudsynt vedlikehald og opprusting. Nye lover og regler gjer at eit omfattande arbeid setjast i gong på dammane i Gyvatn denne sumaren. I anleggsperioden vert det store variasjonar i vass-standen og ein ber folk som nyttar vassvegen øve Gyvatn, i båt, om å merke seg dette. I lange periodar vil nivået liggje på eit absolutt minimumsnivå. Kan vere ei grei opplysing å merke seg før du fyller plastbåten med svigermor, kjerring, unger, proviant for halvannan veke,  vrir turtalet på påhengsmotoren opp mot » max» og korrigerer kursen mot nord. På Gyvatn.

IMG_0901

Det var ein stødig gjeng med røynde – og skarpskodde fagfolk som nyleg tok turen til Gyvatn. Reisefyet køyrde bil til Koland i Åseral, og så gjekk ferda vidare med båt til sørenden av vatnet. Med på turen var utsendinger frå Evje & Hornnes kommune, Agder Energi, Oteraaens Brugseierforening, NVE og Eco Bygg as. Mannen som vender ryggen til fotografen er den vidgjetne entrepenøren Elling T. Eikerapen.IMG_0896Planen er å renovere dam nr 2, 3- og 4 denne sumaren, og så vert det framhald med dam nr 1 neste sumar. Det er ECO Bygg as som er hovudentrepenør.

IMG_0890

Det skal støypast ei betongplate på innsida ( på vatnsida ) av dammane. Ein stor gravemaskin vert frakta på flåte frå Koland. Betong,  og anna naudsynt bygningsmateriale kjem luftvegen. Med helikopeter.IMG_0894

Prosjektet er kostnadsrekna til omlag 7 mill kroner. Då er ikkje momsen medrekna. Anleggstida er venta å vere på rundt rekna 3 månader i fylgje ein lokal byråkrat i halv feriemodus.IMG_0900

(Alle bileta er teken av Bent A. Strømsli)

Stengt for kommentarer.