x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Og så kom dampbåten Bjoren.

BjorenHimmelkvelven var klår og blå. Ein etterlengta sumardag – heilt utan regn og torever. Bygland Mållag og Folkeakademiet skipa til fest på grasvollen ved museet på Bygland. Slåttegraut og ljåslått. Dampbåten Bjoren la til ved brygga, og folk tok sete på stemneplassen. Etter kvart vart det mykje folk, og Olav Sordal hadde full jobb med å ause opp rjomegraut til svoltne tilhøyrarar. Mykje godtfolk var samla. Me nemner Eivind Brottveit, Olav Heggland, Vidar Toreid, Sigbjørn Horverak og Annemor Sundbø. Så snart det offisielle programmet var ferdig vart det skipa til tevling i ljåslått. Kven som gjekk sigrande ut av den tevlinga lyt me kome attende til ved eit seinare høve.Greibrokk

Eystein Greibrokk var ordstyrar og møteleiar i samband med høgtidsstunda på Bygland Museum.

Fele

Då  ungguten «James » Lodberg sette seg til rette med hardingfela fekk ein høyre mange kjende slåttar frå Setesdal. » Sordølen » er eit obligatorisk innslag ved slike høve. «Guten spelar umåteleg godt» vart det sagt av ein tilhøyrar med øyre for slik musikk. Ola

Den pensjonerte kjøpmannen frå Grendi, Olav Sordal, gjorde ein framifrå jobb i kjøkkenkroken. Publikum

Det vart etter kvart mykje folk på museumstunet. Her eit lite utsnitt frå » nordre sving.»Sigmund 1

Sigmund Skomedal treng ikkje nærare presentasjon. Den røynde journalisten og kulturberaren var hyra inn som festtalar denne dagen. Sigmund tala om si tid som tilsett i Kringkastinga-og om turar rundt i landsdelen  i hop med gode vener.  Jens Haugland, O.S. Moi og Olai Eikeland for å nemne nokre.Sigmund 2

Så kom kåsøren inn på korleis tullete, lokale næringsdrivande  stadig skriv bokmål når dei skal marknadsføre verksemda si. » Einskilde campingplasseigarar trur det kjem fleire gjestar dersom dei reklamerer på bymål.» Sigmund vart ivrig.Han vart klår i røysta. Han lyfta  armane- og blikket mot himmelkvelven, for på ein måte å banke bodskapen inn i hovudet på tilhøyrarane. Som ein velfødd emissær i den Indre Sjømannsmisjon. Tilhøyrarane sat tagale, dei nikka på hovudet,  dei lo -og dei  gav Sigmund ein velfortent applaus då han avslutta med ei saftig historie frå dei indre bygder. Målmannen Sigmund Skomedal var komen til sine eigne, og dei tok vel i mot han.Bjoren

Dei hadde ein fin tur dei som kom vassvegen til Bygland denne dagen.

Stengt for kommentarer.