x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Ikkje berre kraftfor og Massey Ferguson.

arent_greve_cropDet vert eit allsidig og ikkje minst fagleg tungt arrangement når Landbrukets Dagar vert skipa til på Evjemoen 14.-15. og 16 august. Sjølvsagt er det folkelivet, utstillinger, god mat og levande dyr som er hovudattraksjonen for mange. I år er det og hyra inn eit par verkelg store attraksjonar, på to bein. På laurdagen er det brumlebassen og miljøaktivisten Kurt Oddekalv som skal vere hovudtalar. Han vil garantert få det til å ulme eit grann i folkehopen. Han er kjend for nettopp det. På fredagen er det professor i organisasjonsteori, Arent Greve (bilete ) som skal tale til folket. Foredraget heiter » Bønder. Kunnskap og problemløsnng, nettverk og veiledning. Hva påvirker økonomiske resultater.» Eit spanande emne som bør interessere dei fleste røysteføre i soknet. Ikkje berre økologiske mjølkebønder. Arent Greve er tilsett ved BI i Bergen og he utgjeve fleire bøker. Ein vidgjeten fagmann. Ikkje berre i Noreg.

Stengt for kommentarer.