Me talar framleis om Landsskytterstevnet 2009. Stemnet veks for kvar dag. Campingplassen er full, alle rom er utleigd, 11oo vakter skal fordelast, I tillegg stiller meir enn 200 personar frå Otra IL- og HV 07 er framleis like velkomne. Dagane gjeng fort og snart smell dei fyrste skota på bane L. Sjefen sjølv, Leif Fjerdingstad er like roleg. Som ein skugge er han tilstades på kvart møte. Tagal, vaken i blikket – og med full tillit til alle sine medarbeidarar. Slik byggjer han eit vinnarlag. Finaledagen i det store dugnadsprosjektet, den 1. august, er ikkje langt unna.
Hovudkomiteen tok sete på Evjemoen no på tysdagskvelden. Stemninga var roleg. Tida var mogen for å diskutere dei små detaljane. Dei store linene er på plass. Blinkane, kioskane, dassane og strøymkablane til NRK. No er det meir tale om prisen på is, brus og pylse. Trafikk og logistikk. Parkeringsvakter, oppsetjing av informasjonsskilt, akreditering til meir enn 100 journalistar, middagsmat til dugnadsgjengen og parkeringstilhøve for rørslehemma.
Den røynde, og ikkje minst vidgjetne, skyttaren Anders Metveit held styr på pengesekken frå dag til dag. Faktura vert send ut, og pengene strøymer inn. Skuggen frå Fennefoss smiler, samtykkjer og gjev ordet vidare til den alderstrygda lensmannsdrengen frå Sindremoen, Harald Kleggetveit. Harald skal, i hop med Oddvar Hestvåg, vere ansvarleg for trafikk og logistikk. Full kontroll. Han hadde same jobben for 10 år sidan, og alt er meir enn godt dokumentert i ein fullpakka blå ringperm som er med på kvart einaste møte. Denne bolken er i dei tryggaste hender. Trafikale problem er ikkje tema. Egil Juvastøl ( nærast kamera ) he ein tøff jobb som arenasjef. Dette er ikkje ei oppgåve for fyrstereisgutar. Eit imponerande system gjer at guten he kontroll på det aller meste som ligg under hans departement. Ein nøkelperson som er henta ned frå øvste hylla.

Dette var kvelden då primærnæringa stilde med sterke kort. Både jordbruksjef Eftevand (t.v. ) og skogbruksjef Skjeggedal er røynde skyttarar på høgt nivå. No sit dei båe i leiande stillinger i arrangementstaben.
Me nemnde i innleiinga at meir enn 1100 vakter skal fordelast. I tillegg kjem kraftig innsats frå idrottslaget og dei væpna styrkene. Det er likevel heilt ufatteleg når ein ser på kor mykje tid kvar einskild person i dei ulike komiteane bruker på førebuing til stemnet. Det er heilt vanleg med 300- 400 dugnadstimar for einskildpersonar fram til no i prosessen. Enno er det eit bel til sirkuset brakar laus. ….
På skissa under her ser du sjølve hovudarenaen, ute ved skytterhuset. Eit puslespel satt i hop av m.a. Egil Juvastøl. Det spreidde seg ei undring i møtesalen då det synte seg at Kringkastinga hadde tinga «raud strøym» til sitt utstyr. Ingen av dei frammøtte hadde nokon gong høyrd om slikt. Konsultasjon på høgt, fagleg nivå kunne etter ei tid avsløre at dette er eit fagutrykk for strøym med litt ekstra kraft. Strøym på 400 volt. Alt ordna seg til slutt. Det er ikkje noke nytt at NRK vert skulda for å vere » raud- og venstrevridd.» No krev dei i tillegg raud strøym. Valkampen he byrja…






