Moisund.com he tidlegare i sumar avdekka kritikkverdige og beint fram livsfarlege tilhøve under brua, på Rv, i Dåsnes. Åna er ein tumleplass for store og små heile sumaren. Båtane vert raskare- og farten vert høgare. Midt i innkøyringa til handelsbyen Dåsenes he ein entrepenør montert eit stillas i omlag 1 meter høgde øve vassflata. Kva som kan skje her ein mørk sumarkveld våger me ikkje ei gong tenkje på. Sundag ettermiddag stogga ein av våre tilsette i Grendi. Han ville sjå nærare på den vidgjetene turistattrksjonen, Lande-eika.
Det vart ein annan attraksjon som vekkja meir åtgaum denne varme sumardagen. Under RV9, ved avkøyrsla til Hovstad, heng heile livsnerva til Setesdalen i ein, bokstaveleg tala, tynn tråd. Dette er sjølve navlestrengen i det regionale – og interkommunale samarbeid.
Slik heng breibandkabelen som forsyner store delar av dalen med naudsynt, og til tider livsviktig datatrafikk. Heilt open- og sjølvsagt svært utsett for øydeleggjing og sabotasje.

Du treng korkje sprengstoff, vinkelslipar eller opplæring av muslimske terroristar for å setje heile Setesdalen, Kay Jeiskelid, Tarald Nomeland og Sigurd Langeid medrekna, fullstendig ut av drift. Ei neglesaks til 12 kroner er meir enn nok
Ein gutunge med ei neglesaks kan på få minutt setje heile den regionale infrastrukturen ut or spel. I den globale kampen mot internasjonal terrorisme må me ikkje heilt gløyme bort våre lokale tilhøve. Den dagen det ikkje er liv i korkje radio, fjernsyn, datamaskinar, hustelefonar, mobiltelefonar eller ljospæra på kjøkkenet – ja kor mykje er då lokale beredkspsplanar verd. Utan moderne dataliner fær du ikkje kjøpt så mykje som ein liter med diesel hjå Shell på Bygland, eller ein grov stomp hjå Samyrkjelaget på Ose. Det er på eit vis skræmande at 40 år etter den fyrste mannen loffa rundt på månen så er det framleis ikkje teknisk mogleg å få sikra dei mest elementære tryggleiksbehova i vår lokale infrastruktur. På mange område så he den teknologiske utviklinga stoppa heilt opp.
Og framleis er det slik at lovar og reglar ikkje gjeld på åna. Her frå vassvegen, der Dåsåna og Otra møtast. Ein populær destinasjon heile sumaren. Delar av stillaset heng som knivseggar og spjotspissar ned mott vassflata. Framleis ingen som tek ansvar – og me stadfester endå ei gong at under bruene på RV9 der lever livet sitt eige liv. Neste veke skal me granske tilhøva under Fennefossbrua, og ei anna, lokal bru som me førebels ikkje vil avsløre identiteten til. Ei bru med ei heilt spesiell og dramatisk historie.





