Det er så visst ikkje kvar helg at kongelege seier frå seg trona – og krona heilt friviljug. I alle fall ikkje på våre breiddegradar. I samband med den årvisse jordberfestivalen på Evje, vart dei frammøtte vitne til ei historisk hending. Ei historisk hending i lokal samanheng. » Jordberkongane » Arnar og Sigbjørn Kjetså vart takka for heiderleg innsats for bygda – og for kommunen. No vil dei pensjonere seg frå jordberåkeren. Gutane he nådd ein alder av 79 og 81 år – og då lyt me respektere at dei ser fram til rolegare dagar. Ordførar Bjørn Alfred Ropstad gav dei avskil i nåde.I meir enn 50 år heldt dei det gåande. Arnar, Sigbjørn og jordbera som heitte Senga Sengana. På det meste hadde dei 200 mål med jordber. Dei velkjende «plukkevognene» var som landemerke å rekne i åkrane på Moi, på Hornnes, i Krossen og i Lia. Alltid kvalitetsber frå Brødrene Kjetså. Jordberkongane.

Framme f.v. ordførar Ropstad, Arnar Kjetså og Sigbjørn Kjetså. Bak f.v. Geir Magne Feed - og leiar i Otra IL, Finn B. Rørvik. ( foto: Alfa film )
I glansdagane, på 70 – og 80 talet, var produksjoinen oppe i kring 200 tonn raude ber kvar sesong. Hundrevis av skuleungdom he tent naudsynte lommepenger i jordberåkrane til Brødrene Kjetså. Det som ikkje vart plukka av ivrige ungdomar vart plukka av husmødre, og nokre utkommanderte fedre, til eige forbruk. På det meste vart kring 50 tonn i året omsett gjennom sjølvplukk. No er det altså slutt. Ei epoke er over. Eit livsverk er til ende. No vil dei aktive brørne bruke sumarhalvåret til å stelle med epler, plommer og moreller. Truleg i noke mindre skala enn kva dei he halde på med i dei siste 50 åra. Ein ting er i alle fall heilt sikkert. Neste år vert det jordberfestival på Evje – utan ber frå våre lokale jordberkonger. Dei fekk avskil i nåde, laurdag den 18. juli – 2009.





