x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Ein evig optimist.

EOEivind Odd Kallhovd er produksjonsrettleiar hjå Tine Meierier Sør. Ein evig optimist og ein populær gut blandt dei svært  få som framleis dreg i pattar og jur – morgon og kveld. Solbrun og utkvild etter ein lang sumarferie  er han attende på jobb og gler  seg no til Landbrukets Dagar på Evjemoen. Sjølvaste Nasjonalhelga for heile næringa. Fleire tusen er venta til denne mønstringa. Eivind Odd er på førenamn med dei fleste.Me fær audiens på kontoret hjå produksjonsrettleiaren – 2. høgda i meieriet på Byglandsfjord.  Papirhaugen på skrivebordet, på golvet – og i kroskåpet tyder på at det er lenge til meierisamvirket er ein del av det papirlause samfunn. Her he einskilde samyrkjeorganisasjonar framleis ein lang veg å gå.EO

Me serverer ein bolk med dramatiske fakta for den vidgjetne og røynde fagmannen. Han kan ikkje vri seg unna at i løpet av 10 år så er talet på agderbønder halvert. Sidan 1989 he produksjonen på meir enn seks av 10 sørlandsgardar stoppa heilt opp. Rekrutteringa syner dramatiske tal og næringa ser føre seg store, og naudsynte, utfordringer i løpet av svært få år. Tida er, kan hende, agderbondens største utfordring- og fiende.

Kallhovd smiler, serverer kaffe i rimelege pappkrus og ber oss ikkje berre fokusere på det negative. Det er tross alt mykje positivt å take fatt i. Ein finn framleis unge, drivande folk som i dag satsar for fullt på ei framtid i landbruket. Færre- og større driftseininger er ein del av den naudsynte samfunnsutviklinga. Ei utvikling ein ikkje kan snu. Ei utvikling som ikkje berre gjeld primærnæringa, og landsbygda. I fjor kom det ei ny, statleg ordning som gjer det mogleg å rekruttere heilt nye mjølkeprodusentar. Dersom du kan stille med gard, grunn og eit uthus er det no gjeve løyve til til å kunne handle seg mjølkekvote på den opne marknaden. Ei mjølkekvote på 100 000 liter, og ein vetug innkjøpspris, gjer dette til eit spanande og levedyktig prosjekt.I fjor var det 3 grunneigarar på Agder, 22 i heile landet, som nytta seg av denne ordninga. Fleire er i tenkjeboksen.

På denne måten ser Eivind Odd dei små ljospunkta i ei næring som stadig må sloss for si vidare eksistens. Slik byggjer han opptimisme- og framtidstru for ein ny generasjon mjølkebønder i dette landet. Landbrukets Dag på Evjemoen er ei viktig misjonsmark for denne bodskapen. Eivind Odd vil vere tilstades kvar einaste time messa er open. Ein gild gut som er hjarteleg velkomen same kor han kjem.

Nye ordninger gjer at det no kan verte nytt liv i gamle, velhaldne driftsbygninger.

Nye ordninger gjer at det no kan verte nytt liv i gamle, velhaldne driftsbygninger. På ein av dei store gardane på Moi vert det no rekna på om ein skal installere ny mjølkemaskin.

Stengt for kommentarer.