x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

juli 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jun   aug »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
logo-gsi

Kommunen, helsetenesta og stemneleiinga er godt førebudde.

DSC_0001 (2)

Det store skyttarstemnet på Evjemoen er berre få dagar unna. Så mykje som 20 000 mennesk kan vere på veg mot den vesle innlandskommunen, nedst i Setesdal. Tysdagskvelden var dei samla til møte på kontoret til ordførar Bjørn Ropstad. Helsetenesta, kommunelækjaren, leiar av hovudkomiteen for Landsskytterstevnet, rådmann- og ordførar. På saklista stod m.a. korleis den øvste leiinga i kommunen skal handsame eit mogleg utbrot av svineinfluensa.Me treff ordførar Ropstad kort tid etter møtet. Han stadfester at det i kommunen ligg ein oppdatert beredskapsplan som dekkjer den helsemessige beredskap – og ikkje minst dette med smittevern. Dersom det kjem til utbrot av svineinfluensa i samband med skyttarstemnet vil denne planen verte sett i verk.DSC_0001 (2)

Det er den øvste bolken av kommuneliinga, i samråd med helsestyresmaktene, som tek avgjerd om kor tid denne planen evt. skal takast i bruk. Her er det sjølvsagt ein tett og open dialog inn mot stemneleiinga som og he sin eigen interne plan.

Me spør så ordføraren kva for informasjon, og åtvaring, det er viktig å kome ut med alt no, i førekant av stemnet. » Ein oppmoder alle stemnedeltakarane, og deira pårørande, om å fye dei hygieniske råd som vert gjeve. Stemneleiinga he eit eige telefonnummer tilgjengeleg, beinveges til ein lækjar, som vil ha fokus på problemstillinga kring svineinfluensa. Sjølvsagt er det tilgong på fleir ressurser dersom dette syner seg naudsynt. Dersom deltakarar i stemnet, og dei som bur på skyttercampen,blir sjuke – vert dei omgåande beden om å forlate stemnet. Dette av omsut til resten av deltakarane og dei andre gjestane. Dersom stoda vert slik at fleire pasientar ikkje er transportdyktige, og såleis ikkje kan flyttast ut or bygda, vil det verte etablert eit isolat i eigna lokale på lokale skular.Ein må heller ikkje gløyme at bygda he ein stor ressurs i den lokale Raudekrossen. Det same gjeld «Saniteten» og fleire andre friviljuge lag-og organisasjonar. Kommuneleiinga vil ha ein tett dialog med stemneleiinga, smittevernlækjaren og fylkeslækjaren.

Ordførar Ropstad er heilt viss på at Landsskytterstevnet 09 vert eit godt stemne, reint fagleg og sosialt. Kommunen og stemneleiinga he situasjonen under kontroll og vil sjølvsagt kome med oppdatert informasjon til publikum og presse når, og om, dette vert naudsynt. Stemneradioen, Evje Radio, vert og ein viktig ,intern informasjonskanal.

Stengt for kommentarer.