
PRESSEMELDING: «Rekordfestivalen har sørgja for at det framleis ligg snø i skibakken på Hovden. 19. mai blei rundt 4000 kubikk snø dekt med 40 kubikk sagspon og 480 kvm presenning. To månader seinare er snøhaugen betrakteleg mindre, men framleis er det nok snø att til å arrangere Big Jump eller railoppvisning i Hegni under Rekordfestivalen 14. – 15. august.»
Sjølv om vi gler oss til sprell på snø, blir dei fleste aktivitetane av meir sommarleg karakter. Rekordfestivalen sine frivillige (som vi kallar ”Múrt’e”; setesdalsutrykk for ein person som jobbar jevnt og trutt, men ikkje så fryktelig fort) har testa ut dei ulike aktivitetane. Vi kan nemne slalåmstøvelboccia, terrengsykkelløpet Rævaristeren, andeløp, pallestafett, slakk line og treklamring.

Stokkegjengen: Betta Premak, Kenneth Skogen, Per Johansson, Knut Erik Lyngroth, Nils Christian Larsen, Eddie Tjomsås og Lars Lilholm.
Aktivitetane er eigna både for lag og individuelle. Så her kan ein utfordre kjærasten, sjefen, nabofamilien eller konkurrenten til dyst!
Siste band bekrefta
Siste band til Rekordfestivalen har så langt vore annonsert med TBA, og for anledninga kallar dei seg like godt ”TBA”. Bandet blir ei god blanding av lokale talent frå Bykle, og folk frå musikkmiljøet knytt til Universitetet i Agder. Magnus Tveiten frå Bykle er nett ferdig med si mastergrad, og har fått med seg desse i bandet: Knut Marius Djupvik (vokal, Kristiansand), Mariann Uleberg (gitar, Hovden/ USA), Trym Bjønnes (bass, Hovden) og Lars Erik Asp (trommer, Kristiansand). Dei lovar ”breibeint allsangrock”, og vi gler oss!
Øvrige band til festivalen er: Fjellfolk, Bare Egil Band og Black Debbath (sjå meir info på www.rekordfestivalen.no).

Redningsteamet er klårt - Lars Lilholm og Jesper Møller.
Likviditet og slikt…
Det er første gong vi lagar denne festivalen, og vi er sjølvsagt spente på korleis det vil gå. Vi har eit budsjett på rundt 460 000,- og har fått 125 000,- i offentleg støtte samt 60 000,- i sponsormidlar. Resten må vi altså få inn i form av billettinntekter og inntekter frå servering, t-skjorter og liknande. Banken måtte ha garanti for å gi oss kassekreditt, så då tenkte vi ”Søren heller, vi kan vel klare oss utan…”. Billettsalet er i gong, men har ikkje tatt heilt av. Vi har framleis nok pengar til å betale det vi skal, men som kjent kjem gjerne utgiftene før inntektene ved slike arrangement. Så for all del; kjøp billettar no J.

Snøen ligg framleis djup ved enden av Hartevatn. Biletet er teken den 23.juli.





