I kveld gjeng startskotet for Eikerapen Roots Festival. Med filmen «Grease» på storskjerm frå parkeringsplassen i Eikerapen er årets festival i gong. Torsdag er det konsert «Under the dam», ein spektakulær konsert under Nåvassdammen, fleire kilometer inne i fjellheimen. Festivalleiinga kan stadfeste at det framleis er nokre få billettar igjen til dei einskilde arrangementa. Vil du sjå programmet for heile festivalen kan du gå inn på www.eikerapen.com. Under kan du sjå video frå denne konserten for to år sidan. Skru opp lyden og nyt framføringa til Green Carnation. Ei konsertoppleving av dei sjeldne!.





