
Foto: Maria Henden Kjetså
I byrjinga av september er Inger Lise Stulien med på ei plate med ein song ho har spela inn saman med årets vinnar i den internasjonale “Eurovision Song Contest” eller “Grand Prix” som det heite på nynorsk. Onsdag denne veka var ho i NRK studio for å spele inn countrylåta “Can´t be taken away”. Alexander Rybak er med som musikar saman med mellom anna Knut Kjetil Møen. Melodien som er skrevet av Knut Kjetil, er ein av fleire låter som vert gjeven ut i samband med protestfestivalen si 10 års markering denne hausten.
Tema-plata “Mot avmakt og likgyldighet” som Inger Lise er med på, er ei av to CD plater som kjem. Internasjonale stjerner som Chris Christoffersen er og med på denne plata saman med nasjonal kjende artister som Åge Aleksandersen, Jonas Fjeld, Anne Grete Preus og sjølvsagt vår eiga Inger Lise Stulien. Når me tala med Inger Lise kunne ho stadfeste at det var ei stor oppleving å få med seg den no verdkjende artisten på songen. Me vonar og trur at dette vert ein slagar, ikkje berre lokalt, men kan hende internasjonalt?

Inger Lise Stulien og Alexander Rybak (Foto: Maria Henden Kjetså)

Bilete frå innspelinga (Foto: Maria Henden Kjetså)


































