Det skjer ei rivande utvikling hjå verksemda Setesdalstrykk som, for ikkje lenge sidan, flytta inn i nytt husvære like i utkanten av Evje sentrum. Hovudbolken er sjølvsagt trykkeriet der dei produserer aviser, trykksaker og anna reklamematriell for næringslivet. Setesdalstrykk er kjend for framifrå arbeid og for fleksible løysinge for dei fleste. Dette med firmaprofilering er ein bolk i sterk vekst. Ikkje heilt tilfeldig at Helge Stokkeland og Knut på Bø i desse dagar opnar ny forretning i tilknytning til trykkeriet.No satsar dei på arbeids-og fritidsklede for folk flest. Ikkje berre for næringslivsfolk med firmanamn på ryggen- og logo på brystlomma. Kvalitetsklede til svært rimelege prisar.
Knut på Bø he fenge naudsynt hjelp av kona Kjersti til innreiing av butikken. Fyrstkomande måndag opnar dei forretninga for publikum. I dei gamle lokala til «Husmorlagets Vaskeri,» for dei som minnast attende nokre år i tida.
Kjersti tek ein siste sjekk på hyllevarene, og gjer forretninga klar til å take i mot kundane. Snaue 100 kvm butikklokale er avsett til føremålet.
Etter ei omvising i den nye forretninga kan me raskt stadfeste at her finn du flotte, moderne fritidsklede til svært så vetuge prisar. Knut på Bø ordnar det meste. Vil du ha eit bilete av deg sjølv, på ryggen av T-skjorta, så ordner han det og i løpet av ein liten klokketime. Du bør så avgjort programmere lekamen til ein tur innom den nye forretninga, STAS, like øve helga.





