Onsdag er det konsert i Åseral Kyrkje. Den kjende folkesongaren Sondre Bratland har tatt med seg tre unge musikarar til å formidle kjende og mindre kjende songar frå Lina Sandells rikhaldige dikting. Tore Bruvoll har ved fleire høve synt at han trakterar sine gitarar på ein svært musikalsk og teknisk måte, med spennvidde frå blues [...]
Det vart ein strålande sundag på Sørlandets Tråvpark. Aktive personar med ulik tilknytning til Setesdal Tråvlag sette sitt preg på det meste denne dagen. Ute på stemneplassen var det bunadskledde jenter frå Setesdal som øverekte blomar og heidersteikn til vinnarane i kvart einaste løp. God marknadsføring for dalen- og for sporten. Lokalt næringsliv, [...]
Ei annonse på «Moisund Handelslag» he synt seg å vere ei lønsam investering med god avkastning for svært mange av våre lesarar. For ei lita godtgjersle på 50.- kroner he det synt seg at me kan omsetje det aller meste. På handelslaget he me no seld m.a. hytter, badekar, bilar, traktorar, ein restaurang, fleire båtar, [...]
Det var ikkje teikn til trafikkaos i Evje sentrum denne laurdagen. Vegstellet prøver seg no på ein ny variant m.o.t trafikkrebusen øve Gullestadbrua. Tungtrafikken skal ikkje lenger gå gjennom sentrum, men vert truleg dirigert gjennom Grenjå den neste veka. I sentrum var det no dei politiske partia som rådde grunnen. Dei raudgrøne regjeringspartia klumpa seg [...]
Ein stolt ordførar i Vennesla, Torhild Bransdal, kunne ynskje møtelyden velkomen til gatefest, framføre det gamle heradsdshuset, på Hægeland. Omlag 200 i talet. På benkjeradene sat mykje fint folk. Fire ordførarar, to fylkesordførar, Rolf Roland- og ein utsending frå staten. Den svenske. Vergudane var så avgjort ikkje på arrangørane si side. Kraftige regnbyger skræmde sjølv [...]
Det er vel kjend for dei fleste at ein skal grave djupt i lommeboka for å sikra seg ei tomt i Beverly Hills. Slik er det, pris i samsvar med etterspurnad. Om det er eit tiltak for å få prisen på dei kommunale bustadtomtene i Hornåsen på eit liknande nivå, skal vere usagt. Eit mediastunt [...]
Setesdalsmat, under leiing av den evige optimisten Stein Uleberg, vart tildelt heidersprisen ” Beste råvare fra sjø” under Landbrukets Dag nyleg. Me vil sjølvsagt gratulere den nybakte krinsmeisteren, og ynskjer lukke til vidare på livsvegen. Samstundes vil me gjere kjend, som ei rein saksopplysning, at unge Uleberg ikkje henter råvarene sine frå sjøen- han henter [...]
Larvik Hanballklubb er å rekne som eit av verdas beste klubblag innan damehandball. Fredagskvelden møtte dei TGS Arendal til treningskamp i Otrahallen. Om dette ikkje var nok så var det og «oppvarmingskamp» mellom herrelaga til ØIF Arendal og KIF. Med rundt 200 tilskodarar i hallen var det stor stemning under «handballgallaen» i Otrahallen. Mykje mål, [...]
Christian Hageland RoT (34), best kjent som DJ Christian RoT, er et navn man husker fra mang en svett klubbkveld rundt om i Norges land. Som aktiv DJ helt fra 1995 var han og hans klubbkvelder og konsepter med på å legge musikk til en hel generasjon av house-frelste mennesker. Med housemusikken kom det [...]
Innbyggjartalet i Iveland kommune he auka med 5,1% dei siste tre åra. Statistisk Sentralbyrå he nyleg kunngjort tala som gjeld for 1.juli 2009. På denne dagen budde det 1232 innbyggjarar i Iveland kommune. Talet på innbyggjarar auka med 10 personar frå1. kvartal- til 2. kvartal 2009. Bakgrunnstala fordeler seg slik: Fødsel 4, avlidne 5, innflytting [...]
Det tok litt tid, men det er betre seint enn aldri. No er skiltinga kome opp på Hornnessida. Fartgrense på 40 kilometer i timen og skilt som fortel deg at du kjem til eit gong og sykkelfelt. Trafikkfella er no fjerna. Vegstellet har rydda opp…. for Honndølane. Samstundes er det føreteke endringar ved Gullestadbrua. På [...]
Roald Tveit, busett i Dåsnesmoen, er ein hundre prosent påliteleg kar. Det kan ingen take frå han. Roald høyrer til den bolken av bygdefolket som likar å halde lekamen i form. Han er lommekjend på dei fleste fjelltoppar i kommunen. Mil etter mil, time etter time tråler Roald blaute myrhol, nedslitne statsfinansierte skogsvegar med bom- [...]