Fredagskvelden i Eikerapen teikna godt. Dei mørke, regntunge skyene forsvann inn øve mot Ljosland og Gaukhei. Sola varma eit grann, og mange festivalgjester nytta høvet til å turke sokker, underbukser og sovepose. Kvelden i førevegen, ved Nåvassdammen, vart fuktig på meir enn ein måte. No er det klart for eit nytt sjøslag. D.D.E. er på veg til fjellbygda. Dei skal på scena klokka 22:30. Tommy Dale er ansvarleg for å take i mot artistane. Klokka 21:05 fær han telefon frå Bjarne Brøndbo som er i tvil om køyrevegen til Eikerapen. Han fortel at dei nettopp passerte ein fotoboks nord for Hægeland. Tommy skjøner raskt at dei er i Slettefet og kan informere unge Brøndboe om at dei er 50 min frå målet. Frå Eikerapen Rootsfestival.
Klokka 20:00 gjekk dei på scena. Rita og Frank Eriksen i hop med gode musikalske vener. Ei fantastisk røyst hjå Rita, tekster med vetug innhald og glitrande gitarspel frå storebror Frank. Dei framførde mange kjente og kjære melodiar. » Kanarifuggel i bur «- » The water is wide» – » Tira n’oir » og den velkjende låten » Karl Johan.» 
Etter kvart seig det på godt med tilhøyrarar. Rita Eriksen var i storform. Det var kø i ølteltet – og etter kvart kom folk sigande ut på dansegolvet. Vaksne folk som kunne tekstene. Dei song med. Det vart ein stemningsfull konsert. Ein minnerik time like på utsida av » Rabben Pub.» Rita og Frank var strålande nøgd med kvelden. Dette kunne dei fortele i eit eksklusivt intervju med moisund.com, like etter konserten. Me møtte dei bak scena, og kjem attende med eit referat ved eit seinare høve.
Så braka det laus. Det dirra i grunnfjellet på Eikerapen. Gutan frå Namsos veit nøyaktig korleis dei skal få liv i eit feststemt publikum. Det er som å slå på ein brytar. Publikum veit kva dei vil ha. Det same veit Bjarne Brøndbo & co. » Rai, Rai, Vinsjan på Kaia, Rompa mi , Her blir det liv, Han kjører E6- og resten av eit ellevillt, velkjend og folkekjært repetoar. Ungdomen kjem strøymande til. Frå bilar, telt, campingvogner, busker og kratt. Cowcoyhattar, boots, miniskjørt, vernebukser og Wenaasjakker med reklame for Artic Cat og Yamaha. Dei kan alle tekstene og syng med av all si kraft. Stundom fukter dei kråsen med ei blanding av Koskenkorva og Pepsi Max. Blandingstilhøve 1 : 2. Eit yrande folkeliv. Folk i alle aldre. Her finn du ivrige tilhøyrarar frå 15 -75. Bjarne Brøndbo og D.D.E. sjarmerer dei i senk. Alle i hop. Det er stuvande fullt på dansegolvet. Nokon dansar tett, svært tett. Omtrent inni kvarandre. Andre dansar ålleine. Fleire av dei yngste stend og et på kvarandre. Mange jenter i 50 åra, med kvite bukser, solbrun i huda og svart topp, dansar med kvarandre. Ikkje tett, men med kvarandre. Dei dansar ofte swing. Slik he det alltid vore på bygdefest, og på Ernst Hotell i byen.
Ein fantastisk konsert. D.D.E i velkjend driv og eit trufast publikum i strålande humør. Lite søppel, reingjorde dassar, god mat, lite fyll, godt drikke og ein gjestfri og smilande arrangørstab. Kva meir kan ein vente av ein festkveld i Eikerapen. Tor Åge kan dette med festival. Han syner dette år etter år. Folkefest, folkeleg fest og økonomisk øveskot. Dei he noke å lære av denne karen, både Toffen Gundersen, Arild Bulie og Ozzy Osbourne. Skilnaden er 30 mill kroner, sundt bondevet, eit par vinsjar på kaia, privatfly på Kjevik og begge føtene solid planta i nypløgd jord. I Eikerapen.
Sjå fleire bilete frå folkefesten her.





