x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
logo-gsi

Me he bruk for tomflaskene dine.

index.phpOtra sitt arbeid for born og unge i bygda er ressurskrevjande. Ikkje berre med tanke på tid og krefter. Også med tanke på kroner og øre. På ein svært enkelt måte kan nettopp du hjelpe oss i dette arbeidet. Du kan rett og slett pante tomflaskene dine hjå ICA Nær i Evje sentrum. Pantelappen du fær ut or maskinen kan du leggje opp i Otra si postkasse som heng like ved. Då er jobben gjort. Idrottslaget kan såleis veksle inn dessse lappane i klingjande mynt. Eit godt byte.Inntektene gjeng uavkorta til å gjeve born og unge i Otra Idrettslag eit endå betre fritidstilbod. Dette er truleg ein forsvinnande liten pengesum for deg. For idrottslaget kan summen av alle desse lappane verte eit stort og kjærkoment innskot i klubbkassa. Otra IL vil takke kvar einskild for dykkar bidrag, og samstundes takke sjefen på Ica, Richard Dovland, som tek på seg å organisere denne ordninga. Heilt utan kostnad for idrettslaget.

Me he bruk for tomflaskene dine.

Me he bruk for tomflaskene dine.

Stengt for kommentarer.