x
Esther kom til verda 13. januar 2012. Ho vog 3760 gram og var 52 cm lang. Stolte foreldre er Espen og Siri Ripegutu.
Esther kom til verda 13. januar 2012. Ho vog 3760 gram og var 52 cm lang. Stolte foreldre er Espen og Siri Ripegutu.

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
logo-gsi

Statsrådar på veg til Evje.

Evje & Hornnes kommune er i sentrum for media i desse dagar. Pressesenteret på Evjemoen er stappfullt av røynde bladfykar frå heile landet. Stemninga, og forventninga er i ferd med å nå dei store høgder. På torsdag  er det klart for den store finaleskytinga. Mange lokale heltar skal kårast før den tid. På onsdag kjem [...]

Gratis ryggmassasje og helsedrykk som gjer godt for krinslaupet.

Gratis ryggmassasje, midt i handlegata. Det er kø på utsida- og full aktivitet på innsida av det kvite messeteltet. På benken ligg ein aldrande skyttar frå Alvdal skyttarlag.  Ryggtavla he krulla seg  og vidare  deltaking på stemnet heng i ein tynn tråd. Her stend eit hjelpande lag med sjølvstendige næringsdrivande frå verksemda » Nikken.» Dei [...]

Mange skal heidrast.

Ved fleire høve he me no lest i riksdekkjande media at det tradisjonsrike HV o7 om kort tid ver ført øve i historia. Inn i historiebøkene med eit godt ettermæle- og ikkje minst med mange gode minne. Tusenvis av staute soldatar frå m.a. Indre Agder he tenestegjort i desse væpna styrkene. Tøffe øvinger, blodslit og [...]

Honndøl kjemper heilt i Noregstoppen.

Inge Eftevand ( 34 ) kjemper heilt i Noregstoppen i feltsnøggkyting på Landsskytterstevnet. Han he sterke tradisjonar å føre vidare. Tidlegare he sambygdingen Torgeir Uleberg vorte Noregsmeister i denne  tevlinga. Det same he noverande skogmeister i Evje & Hornnes,  Myklandsguten Lars Johan Skjeggedal.  16 personar gjeng vidare til den fjernsynsende finaleskytinga. Inge Eftevand frå Hornnes [...]

Kjøtdeig er i skotet som aldri før.

Richard Dovland, storsjefen på Ica-butikken i Evje sentrum, smilar breit no om dagen. Ikkje berre fordi omsetnaden i den moderne kolonialforretninga stadig når nye høgder.  Richard er glad på vegne av heile handelstanden i bygda. Trafikkaos, parkeringsproblem og stundom lange køer framføre batalingsmaskinane inne i butikkane. Evje syner seg fram som eit levande handelssenter. Det [...]

Klart for ny Sørlandsmeisterskap i potetskrelling.

Det er kort tid att til den store landbruksmønstringa på Evjemoen. Så snart dei siste skyttarane he pakka i hop telt og patronkoffert så rykkjer dei fyrste representantane for Norges Bondelag inn på stemneplassen. Alt ligg vel til rette for Landbrukets Dag. Tre heile dagar til ende. Kalvemønstring, traktorutstilling, valkamp, turbobudeie frå Telemark- og sørlandsmeisterskap [...]