x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
logo-gsi

Kjøtdeig er i skotet som aldri før.

Ica 011Richard Dovland, storsjefen på Ica-butikken i Evje sentrum, smilar breit no om dagen. Ikkje berre fordi omsetnaden i den moderne kolonialforretninga stadig når nye høgder.  Richard er glad på vegne av heile handelstanden i bygda. Trafikkaos, parkeringsproblem og stundom lange køer framføre batalingsmaskinane inne i butikkane. Evje syner seg fram som eit levande handelssenter. Det er slett ikkje vanleg at evjefolk og honndølar må site i bilkø når dei ein måndag føremiddag skal til butikken for å handle mjølk og stomp. Slik er det no om dagen. Maken til folkeliv he me truleg aldri opplevd nokon gong tidlegare. Folk he det moro. Både fastbuande- og tilreisande. Kjøtdeig er i skotet som aldri før.Det slær ikkje feil seier Richard med eit smil. Når det er regnver så sel me hundrevis av kilo med kjøtdeig. Kø framførre kjøtdisken. Så snart sola syner seg på himmelkvelven skal folk ha pylse og høne til grillen. Då skjøner du kan hende at den store utfordringa for kjøpmennene no om dagen er å kjøpe inn nok varer- og ikkje minst rett type matvarer. Høne eller pylse. Veret avgjer.Ica 011

Det er lenge mellom kvar gong forretningene i bygda vår he ope på sundagen. Denne sundagen var det fleire kjøpmenn som freista lukka. Ikkje bare dei som sel matvarer. Folkevrimmelen i sentrum tyder på at også dette vart ein god handledag. Richard Dovland he full styrke, og vel så det, på jobb i butikken kvar dag. Han skryt av dei tilsette og seier dette er ei stor utfordring for alle ivolverte. Bygda vår he røynde og flinke handelsfolk. Denne utfordringa tek dei på strak arm. Vermeldinga for morgondagen syner litt sol-og litt regn. Richard satser på grillkol, tennvæske, pylse og høne i morgon. Folk må vel ei gong verte lei av kjøttdeig..

Stengt for kommentarer.