x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
logo-gsi

Klart for ny Sørlandsmeisterskap i potetskrelling.

DSC_0012Det er kort tid att til den store landbruksmønstringa på Evjemoen. Så snart dei siste skyttarane he pakka i hop telt og patronkoffert så rykkjer dei fyrste representantane for Norges Bondelag inn på stemneplassen. Alt ligg vel til rette for Landbrukets Dag. Tre heile dagar til ende. Kalvemønstring, traktorutstilling, valkamp, turbobudeie frå Telemark- og sørlandsmeisterskap i potetskrelling.  I fjor var det vår populære lensmann, Terje Stifoss, som gjekk av med sigeren, og kvalifiserte seg samstundes for noregsmeisterskapen på Lillehammer. Om fjorårsvinnaren stiller på startstreken i år er førebels ikkje gjort kjend for media. Me vil likevel oppmode så mange som råd av Terje sine sambygdinger om å stille på startstreken i denne prestisjetunge tevlinga. Det heile vert skipa til på hovudscena, laurdag 15.august klokka 14:00. Moisund com vil sjølvsagt vere tilstades på indre bane. Med lyd og bilete. Kan hende levande bilete.

Stengt for kommentarer.