Ved fleire høve he me no lest i riksdekkjande media at det tradisjonsrike HV o7 om kort tid ver ført øve i historia. Inn i historiebøkene med eit godt ettermæle- og ikkje minst med mange gode minne. Tusenvis av staute soldatar frå m.a. Indre Agder he tenestegjort i desse væpna styrkene. Tøffe øvinger, blodslit og beinhard disiplin he vore kjenneteikn på desse årvisse militærøvingene. Mange er det som framleis slit med etterverknad av tøffe år, i teneste for Konge og fedreland. Dei gløymde heltane. Tida lækjer dei fleste sår. No ser me frametter.Skyttarstemnet på Evjemoen er sjølvsagt eit lageleg høve til å heidre- og takke desse staute menn. Fine talar, sjampanje i høge glas, medaljar og heidersteikn. Til offiserane. Sjølve ryggrada, soldatane vert gløymd. Det var såleis heilt naturleg då ein gjeng tidlegare soldatar frå HV 07, Evje & Hornnes, seint fredag ettermiddag skipa til sin eigen seremoni på utsida av det gamle kompanihovudkvarteret. Ein tårevåt seremoni der ingen vart gløymd. Me minnast dei med vyrdnad. Store HV-namn som Nils T. Hannaas, Bjørn Senum, Kjell Ove Kallhovd, Tormod Kallhovd og Svein Salve Lislevand. Sjølve grunnfjellet i Forsvaret. Det norske.

Menig soldat, John G. Haukom, legg ned ein krans til minne om mange og lærerike år i HV 07.





