x
Esther kom til verda 13. januar 2012. Ho vog 3760 gram og var 52 cm lang. Stolte foreldre er Espen og Siri Ripegutu.
Esther kom til verda 13. januar 2012. Ho vog 3760 gram og var 52 cm lang. Stolte foreldre er Espen og Siri Ripegutu.

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
logo-gsi

Ikkje ein einaste farleg basselusk å finne

Han he lov til å smile. Han he lov til å vere stolt, på vegne av seg sjølve og heile den enorme dugnadsgjengen. Nærare 300 i talet. Svein Arne Haugen er sjef for alt som he med mat og drikke å gjere på Landsskyttarstemnet. Logistikk, effektivitet, sørvis- og ikkje minst dei hygieniske tilhøva er umåteleg [...]

Nils Bernt Rinde – den fødte stangskyttar

To gonger tidlegare he denne guten, som i røynda kjem frå Farsund, teke steget til toppen av pallen for å motta heiderteikn som Noregs beste stangskyttar. Etter dei innleiande rundene i Evjemoen skytefelt er det ingen andre skyttarar som er i nærleiken av denne rolege guten som no bur i Mandal. Med heile 32 treff [...]

Bunadsjentene fær ein travel dag

Det kvesser seg til på dei ulike skytebanane. Finaleskytinga er i full gong. Medaljhausten tek til-og det seremonielle tek meir og meir av merksemda. Det skal kårast vinnarar i mange ulike klassar- og ulike tevlinger. Me nemner rekrutt, junior, prinsessetittel, V75, V65- og sikkert mykje, mykje meir. Inne i presselosja vandrer tre smånervøse jenter. Bunadskledde, [...]

Tjuvpakk herjer regionsenteret.

Før klokka er 07:00, torsdag morgon, tek telefonen til å ringje i bladstova. Tjuvpakk he vore på ferde i regionsenteret.  Evjefolk er ikkje vande med trafikkljos. Slikt ser dei berre kvar gong dei er til byen og handler jolegåver. Vegstellet he sett opp trafikkljos på Gullestadbrua. Livsnerva mellom Hornnes- og Evje i nord. Dette for [...]

Line og Knut. Eigentleg er dei gamle kjente.

Line Vennesland, frå Moi, er i strålande humør no om dagen. Det blæs ein val-vind øve dei indre bygder av Aust Agder. Vinden blæs slik Line drøymer om kvar kveld når ho kryp under dyna. Mykje talar for at denne flotte jenta tek fast sete i Nasjonalforsamlinga i løpet av hausten. Denne veka he ho [...]