Så langt he valkampen vore ei vesal framsyning. Det tykkjest vere som ingen vågar å dra det heile i gong. På skyttarstement på Evjemoen var det berre Arbeiderpartiet som våga å syne andlet. Dei sende sjølvaste justisministeren til tingstaden.. Til helga er det Landbrukets Dag. Då bør alle politiske parti, med lovleg opphaldsløyve i Noreg- og von om eit sete i Nasjonalforsamlinga, vere tilstades blandt bønder, handelsfolk og skriftlærde. Politikarane bør ha med seg anna enn ein velforma bodskap på glansa papir. No er det alvor. Me slær nummeret til det politiske multitalentet Kjell Ingolf Ropstad og spør om han he somna frå heile valkampen…Etter få minutt med korte referat frå kalenderen til unge Ropstad kan me stadfeste han ikkje søv meir enn andre. Truleg det heilt motsette.

Foto: Rebekka Fylling
Denne veka he Kjell Ingolf vore på politisk sumarleir i Grimstad. Opplading til valkampen. Med seg på laget hadde han m.m. Dagfinn Høybråten, Dagrund Eriksen og Inger Lise Hansen. Heile den politiske toppleiinga i Krf. Hovudtalar var ungguten frå Stemhei. Høybråten måtte stille i andre rekkje. Ei ny tid.
Sundag er det slektstemne, og tek me ikkje heilt feil så vert det tala politikk i dette forum også. Dei er slik i den Ropstadfamilien. Ordføraren og heile gjengen..
Onsdag er det satt av tid til eit reportasjeoppdrag med Kringkastinga på førmiddagen medan det ber avstad til eit møte med dei rørslehemma sin organisasjon på kvelden.
Torsdag og fredag er det sentralstyremøte og landsstyremøte i Tromsø. Laurdagen er det valkampopning i Tromsø. I løpet av helga vil fyrstekandidaten og vere tilstades på politisk debatt i samband med Landbrukets dag på Evje. Orsak meg, Kjell Ingolf, du er slett ikkje vesal. Me, i heimbygda, må berre lære oss til at ditt arbeidsområde strekkjer seg eit grann ut øve grensene for Moi og Tønesland røystekrins. Me kan ikkje vente å sjå deg på stripa ved samyrkjelaget kvar dag. Heller ikkje annankvar dag.

På rekreasjon i Syrtveitsfossen. Kjell Ingolf heilt framme i pråmen. Sjef. (foto: Rebekka Fylling )





