x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
logo-gsi

Ny standard for trygg trafikk- og trygg skuleveg. Fartsgrensa i anleggsområdet er 80 km/t

01I full forståing for at Fennefossbrua på RV 9 treng naudsynt vedlikehald, tillet me oss å kome med eit par kritiske kommentarar.  Du kjem frå sør og  svinger av mot Fennefoss, på veg mot Evje. Du køyrer gjennom eit anleggsområde, du passerer noke som liknar eit sykkel- og gangfelt og du køyrer gjennom ein  skarp sving. Trafikken er stor og du er på stamvegen gjennom Setesdal.  Fartsgrensa gjennom dette området er uskjøneleg nok 80 km/t. Når du kjem inn på Fennefossvegen vert fartsgrensa redusert til 6o km /t.  Ikkje ein kilometer for mykje. Me kan leve med trafikkaos ved Dølen Hotell, morgon og kveld. Nokre ulemper lyt ein take med seg i ein travel anleggsperiode. Det vert tala høgt om at fleire forsikringselskap no vil setje ned kvar si campingvogn på grasvollen på sørsida av Dølen. Mobilt kontor. Her vert garantert mykje merkantilt arbeid i løpet av hausten. Snart kjem holkeføret.

Her kan du blåse inn i anleggsområdet og gjennom ein skarp sving i 80 km/t. Omtrent same opplevinga som å køyre på go-kartbanen på Moi.

Her kan du blåse inn i anleggsområdet og gjennom ein skarp sving i 80 km/t. Omtrent same opplevinga som å køyre på go-kartbanen på Moi.

Du bør sjå deg godt føre. Både til høgre- og til venstre dersom du fyer denne låma for å k krysse stamvegen. Her kjem trafikken i høg fart.

Du bør sjå deg godt føre. Både til høgre- og til venstre dersom du fyer denne låma for å krysse stamvegen. Dette er skulevegen for ungdomar frå Hornnes som m.a. syklar til skulen på Evje. Aksjon "trygg skuleveg" vert aldri den same etter dette.

03Her er fartsgrensa 80 km/t. Både sjåfør og reidskap sette på tøff prøve.  Dersom anleggsperioden strekkjer seg ut øve dei varsla 4 månadane kan det verte aktuelt med kveldskurs på go-kartbanen. Enkel bevertning v/ Gjensidige og If-skadeforsikring.

Stengt for kommentarer.