x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
logo-gsi

Bygland fær Frivilligsentral

Kommunevaapen ByglandI mars månad søkte Bygland kommune om å få etablert ein «Frivilligsentral» i bygda. Føresetnaden for å få dette prosjektet i gong er at de vert løyvd økonomisk støtte frå sentrale styresmakter. Dette er no gjort. Den raud-grøne regjeringa he vedteke at det i inneverande år skal gjevast støtte til 26 slike sentralar, spreidd øve heile landet. To av dei nye Frivilligsentralane kjem i Aust Agder, og altså ein av desse i Bygland. Dette er ein fantastisk måte for å styrke det friviljuge arbeidet- og for å styrke dugnadsånda i lokalsamfunnet. Det skal tilsetjast ein person i 80% stilling for å take seg av den administrative drifta av kontoret. Dette er ein lekkasje, beinveges frå regjeringskvartalet, til bladstova på Moi. På torsdag kjem den offisielle kunngjeringa med 26 namn. Gratulerer Bygland. Ei gladmelding kallar me dette.

Stengt for kommentarer.