x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
logo-gsi

Rune Skinnerlien var snøggast under Ogge Triathlon

Ogge1Nærare hundre deltakarar var med då Ogge Triathlon vart arrangert sundag. Med berre 14 grader i vatnet var det nok mange som kvia seg for å starte med ein symjetur på heile 700 meter utanfor gjesteheimen. Etter ein kald symjetur var det tid for over 40 kilometer på sykkelsetet før det heile vart avslutta med å springe 8 kilometer. Eit idrettsarrangement for dei tøffaste av dei tøffe. Diverre var det dårleg deltaking frå den elles så aktive treningsgjengen frå sykkelgruppa og trimgjengen i Otra. Kan hende dei ikkje fann fram, eller var dette rett og slett for tøft for dei? (Tom Andreas Kallhovd som vann klassa si og Jenny Strømstad som vart nr to må ha oss årsaka, me reknar ikkje dykk innanfor denne gjengen som stort sett er vaksne mannfolk i panikkalderen som meiner trening er viktigare enn mat). Uansett vart det eit vellukka arrangement med deltakarar frå landsdelen som alle kan kalle seg for vinnarar. Dette er berre for dei tøffaste!

Arnulf Bærheim var nøgd med arrangementet!

Arnulf Bærheim var nøgd med arrangementet!

Under kan du sjå ei ljosbildeframsyning frå tevlinga.

Sjå resultata frå Ogge Triathlon 2009!

Nokon var på padletur og fekk seg ein støkk då vatnet vrimla av symjarar

Nokon var på padletur og fekk seg ein støkk då vatnet vrimla av symjarar

Stengt for kommentarer.