Redaksjonen vart laurdag oppringt av ein fortvila kar frå Skomedal i Bygland. «Eg har ein historie å fortelje, kan me møtast», var den korte meldinga me fekk. Me avtalte eit møte på Evje. Han meinte at sjukeheimen var ein høveleg stad. Sundag kveld møtte me Johan Edward Sundt og sonen Jon Vegard framføre inngangen til lækjarkontoret på Evjeheimen. Døra var lukka, men her fekk me høyre historia om då Jon Vegard på 3 år mista fingeren fredag ettermiddag.

- Kontoret til fastlækjaren hadde stengt heile helga. 400 kilometer i bil var difor einaste løysinga.
Guten på 3 år er ein skikkeleg hardhaus og fredag ettermiddag var han så uheldig at han klemde fingeren i ei dør med det resultat at den ytste delen vart klemd av. Pappa, Johan Edward fann fort ut at her var det naudsynt med medisinsk hjelp. «Ettersom det ikkje er noko lækjarvakt i Bygland eller Evje som kunne sjå på guten, så bar naturleg nok turen med ambulanse til lækjarvakta i Kristiansand. Ti mil kvar veg. Her måtte guten på 3 år vente i 40 minutt på å få kome inn til lækjar. Eg må berre få rette ein tak til ambulansepersonellet som gjorde ein fantastisk jobb.» skyt Johan Edward inn. «Etter at lækjaren hadde smørt på gelè på den avklemde fingaren og fått på bandasje bar turen heimatt til Skomedal. Dagen etter hadde det byrja å blø gjennom bandasjen til guten og eg måtte igjen ta kontakt med medisinsk personell for å finne ut kva som skulle gjerast. Eg fekk melding om å bytte bandasje og tok difor kontakt med Byglandsheimen for å få hjelp til dette. Diverre hadde dei ikkje den type bandasje, så eg måtte igjen ta turen til lækjarvakta i Kristiansand. På under eit døger måtte eg og guten difor reise over 400 kilometer.» No er det merkbart at den elles så sindige karen byrjar å hissa seg opp. «Lækjardekninga og den vaktordninga som finnast her i dalen er ei skandale, sauane mine har det betre. Der har ein då trass alt dyrlækjar som kjem når det er naudsynt. Ein treng ikkje frakte dei til eit eige mottak i Kristiansand. No er det snart val og det hadde vore moro å vete om nokon av dei lokale representanta vil kjempe for at ein igjen skal kunne ha lokal lækjardekning utanom ei begrensa opningstid. Verdas rikaste land kan ikkje ha det slik!» No er karen frå Skomedal så engasjera at heile kroppen fortel same språk. «Eg ringde og til Vidar Toreid, men han var diverre bortreist denne helga og kunne difor ikkje hjelpe. Han har vore svært hjelpsam ved tidlegare høve når borna mine har hatt behov for medisisk hjelp. Bygland kommune gjev tilskot til familiar som vil flytte til bygda. Er det ikkje betre å ta hand om dei som alt bur her? Nei no må kommunane gå saman for å få på plass ei ordning med lækjarvakt igjen. Me vil sleppe å reise heilt til Kristiansand berre for å byte ein bandasje.» Johan Edward Sundt hadde no fått sagt det han ynskja og guten på 3 år nikka samtykkande til det faren sa. Hardhaus eller ikkje, han var lei av å køyre til byen! Måndag skulle han til kontroll hjå fastlækjaren på Evje, i kontortida.

3 år gamle Jon Vegard er ein ekte hardhaus!





