
Åsmund(t.v.)og Nils Kile
5o personar møtte fram ved den gamle sentralskulen på Uleberg, tidleg sundag morgon. Sogelaget skipa til tur til den vidgjetne garden Øksenskår. Ein gard mange he høyrd om, men som dei færraste he vitja. No var dagen komen. Sumartemperatur, vindstille og eit fantastisk ver for slik tidtrøyte. Nistepakke i sekken, kaffe på ståltermos og ein Ivelending på sandalar. Bilane vart parkert ved «Krona»- omlag ein kilometer innanfor garden til Laila Møllen. Den fyrste kilometeren var bratt. Bratt og tung. På GPS-maskinen til Tommy Uleberg kunne ein lese at det var 5,4 km til Øksenskår. I luftline.
Salve Arild Uleberg var lommekjend på den fyrste bolken av turen, og vart såleis nytta som kjentmann og sporhund. Jakthistoriene sat laust, og pausene vart stundom eit grann lengre enn turoperatøren hadde planlagt. Det vart ein strålande dag på heia. Omlag halvvegs til Øksenskår passerte me ein såkalla «bønnestein.» I tidlegare tider når folk frå Øksenskår eller Vetrhus skulle til kyrkje på Hornnes- i gravferd, bryllaup eller kan hende i ærend for å take i mot dei Heilage Sakramenta, så stoppa dei ved denne steinen og vende seg mot Vår Herre i bøn. I gamle dagar. Salve Arild kunne fortele at han kvart år i elgjakta stoggar ved denne steinen, let att augo- og ber ei bøn om at den største elgoksen må trekke bort frå Øksenskår- og langt inn i Ulebergterrenget.
For Tormod Kjebekk (79) vart dette ein spanande tur. I 1942 var han gjetar på Øksenskår. Han gjette kyrne for Ingemann Kile ein sumar, og hadde ikkje vore på garden sidan den gong. Kjebekk er oppvaksen i Flatebygd og he arbeid i skogen det meste av sitt vaksne liv. Han avslutta yrkeskarriera på Hunsfoss, og er no busett i Vennesla.

Elg Ingemann Kile. I bakgrunnen garden der han vaks opp. Øksenskår.
Etter ein stri marsj var det gildt å kome til gards. Gjestfrie folk. På tunet fekk me servert nykoka kaffe og fersk sjokoladekake. Elg orienterte kort om historia på garden, ungane lauga seg i bekken- og Sigrund Smeland las eit dramatisk stykke om eit snøras på Øksenskår, den 17.desember i 1817. Ulukka krevde 7 menneskeliv. Sigrund las med innleving. Folk sat tagale. Einskilde turka ei tåre frå kjaken. Roald Galteland sov.
Det vart ein uforgløymeleg tur i hop med gilde folk. Takk til sogelaget. Takk til Oddmund Mogstad og Kåre Hodne for planleggjing, kunngjering og gjennomføring. Takk til familien Kile for ei himla god sjokoladekake. Så lyt dei skriftlærde avgjere om garden heiter Øksenskår- eller Yksneskard.







































