x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

august 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« jul   sept »
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
logo-gsi

Gullguten Einar

FramsideGullguten eller gullgrossisten- båe delar passer på honndølen Einar Uleberg. Guten som satsar på ei livslang karriere på idrottsbanen og som kjem heim med den eine gullmedalja etter den andre. Ei livsglede og ei idrottsglede så ekte som berre Einar kan formidle. Ein knakande gild gut. Denne helga var han på NM i friidrott i Moss. NM for godt vaksne gutar. Me møtte Einar i heimen på Hornnes  seint sundag kveld. Veska full av medaljar.Denne sundagen kunne Einar take turen ned i kjellerstova og hengje opp gullmedalje nr 50 på veggen. Ei imponerande idrottskarriere. I helga, på Melløs stadion i Moss, vart utbyte slik: Gull på 3000 m hinder, gull på 100 m hekk, sølv på 400 m hekk, sølv på 1000 m stafett – og bronse på 10 000 meteren. Alt dette i løpet av ei helg.

Stafettlaget som tok NM-sølv på 1000 m. Framme f.v. Jan Greibesland og t.h. den utflytta honndølen Harald Moi. Bak f.v. Einar Uleberg og Torbjørn Eiken

Stafettlaget som tok NM-sølv på 1000 m. Framme f.v. Jan Greibesland og t.h. den utflytta honndølen Harald Moi. Bak f.v. Einar Uleberg og Torbjørn Eiken

Idrottsvener. Her er Einar i hop med diskoskastaren Erling Svennevik (91) frå Lyngdal. Båe satsar dei på nye gullmedaljar i 2010.

Idrottsvener og gode vener. Her er Einar i hop med diskoskastaren Erling Svennevik (91) frå Lyngdal. Båe satsar dei på nye gullmedaljar i 2010.

Pallen

Stengt for kommentarer.