Det tok litt tid, men det er betre seint enn aldri. No er skiltinga kome opp på Hornnessida. Fartgrense på 40 kilometer i timen og skilt som fortel deg at du kjem til eit gong og sykkelfelt. Trafikkfella er no fjerna. Vegstellet har rydda opp…. for Honndølane. Samstundes er det føreteke endringar ved Gullestadbrua. På [...]
Roald Tveit, busett i Dåsnesmoen, er ein hundre prosent påliteleg kar. Det kan ingen take frå han. Roald høyrer til den bolken av bygdefolket som likar å halde lekamen i form. Han er lommekjend på dei fleste fjelltoppar i kommunen. Mil etter mil, time etter time tråler Roald blaute myrhol, nedslitne statsfinansierte skogsvegar med bom- [...]
Her kan du sjå dei siste oppdaterte bilete frå brua som har knytta saman Honnes og Evje dei siste åra. Det er lettare å få forståing for den tungvinne omkøyringa om Fennefoss når du har sett dette. Du skal vere ein røynd sjåfør for å kome tørrskodd øve åna no [...]
I dag, torsdag 27.august skal den nye avisa kome ut til fastbuande i dalstroka innanfor. Alle som er fast busett i Bygland kommune, Evje og Hornnes kommune, Iveland kommune og Åseral kommune samt folk med postkasse i Bjelland, byremo, Eiken og Hægeland. Beinvegs i postkassa utan at det koster ei krone! Gratisavis kan dykk vete. [...]