No er skyttarstemnet i gong for fullt. Søndag ettermiddag vert logistikken og dei traffikale tilhøva sett på verkeleg prøve. Skytefeltet og dei enorme parkeringsplassane er stappfulle. No er det sett inn ekstra bussar for å frakte folk ut til stemneplassen. Bygdefolk som vil oppleve det fantastiske folkelivet er sjølvsagt hjarteleg velkomne. Slikt skjer berre kvart [...]
Otra sitt arbeid for born og unge i bygda er ressurskrevjande. Ikkje berre med tanke på tid og krefter. Også med tanke på kroner og øre. På ein svært enkelt måte kan nettopp du hjelpe oss i dette arbeidet. Du kan rett og slett pante tomflaskene dine hjå ICA Nær i Evje sentrum. Pantelappen du [...]
Laurdag var det tid for ein eige festival for den yngre generasjon i samband med Eikerapen Roots Festival. Fleire hundre små og store var samla på stemneplassen for å leike og la seg underhalde. Med ansiktsmåling og mange ulike aktivitetar vart det ei feststund i godveret denne laurdagsettermiddagen. Det heile vart runda av med song [...]
Ho spelar heilt i verdenstoppen, og det vert sjølvsagt ingen oppvask når ho kjem heim. Pappa, Asbjørn, er meir enn stolt av dottera si. Ann Louise Haugen ligg i skrivande stund på 42. plass under VM i bowling i Las Vegas. Det er totalt 240 deltakarar i tevlinga, og evjejenta he mange kjende namn [...]
Pressemelding I ti og et halvt år har han ledet Agder Heimevernsdistrikt 07. Nå er det slutt både for oberstløytnant Borgersen og det 62 år gamle heimevernsdistriktet. Siste oppdrag er å gjøre landskytterstevnet på Evje til et vellykket arrangement.Vel møtt alle sammen. Vi har travle dager foran oss, men skal likevel ha smilet og [...]
Ein strålande morgon på stemneplassen. Sola kjem opp øve åskammen. Temperaturen stig, og folk koser seg med kaffe og morgonmat kring dei mange borda mellom standplassen og handlegata. Regn, vind og fløym er ei gløymd historie. No er det kampen om Kongepokalen som gjeld. Oddvar Hestvåg he kontroll på parkeingsplassen, men han sleit eit [...]
Fredagskvelden i Eikerapen teikna godt. Dei mørke, regntunge skyene forsvann inn øve mot Ljosland og Gaukhei. Sola varma eit grann, og mange festivalgjester nytta høvet til å turke sokker, underbukser og sovepose. Kvelden i førevegen, ved Nåvassdammen, vart fuktig på meir enn ein måte. No er det klart for eit nytt sjøslag. D.D.E. er på [...]