x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

september 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
logo-gsi

Sjefsbyte i Tråvparken

DSC_0169Ei epoke er øve. Frank  Håland, ekte Moi-gut, pakkar kofferten og forlet Sørlandets Tråvpark. Onsdagen var siste offisielle arbeidsdag. No ventar nye spanande oppgåver hjå Agder Energi. Frank reiser frå ei verksemd som vekkjer åtgaum øve heile landet. Han øvetok eit konkursbo for tre år sidan. I dag er Sørlandets Tråvpark eit mønsterbruk. Me møtte denne sympatiske, og svært så dugande næringslivstoppen på tråvkøyring denne helga.  Me fann oss vel til rette i VIP-losja. Ein noke spesiell dag for den avtroppande sjefen.

Frank Håland he slutta som toppsjef i tråvparken. Han vender ikkje tråvsporten ryggen av den grunn.  Frank er oppvaksen med sagflis  og hestelort under skoa.

Frank Håland he slutta som toppsjef i tråvparken. Han vender ikkje tråvsporten ryggen av den grunn. Frank er oppvaksen med sagflis og hestelort under skoa. Interessa for hestesport tek han med seg vidare ut i livet.

Kjetil Olsen heiter den nye toppsjefen. 42 år gamal og med tolv års røynsle frå Forsvaret. Han he au vore innom Hunsfoss i Vennesla, og då stod det «personalsjef » på visittkortet.

Olsen er meir enn vanleg interessert i hestar- og hestesport. Heile familien er biten av denne basillen. På stallen he dei sjølve 3 tråvhestar og ein ponny.

No venter nye utfordringer. Dette må vere sjølve drøymejobben når ein til dagleg stend med båe føtene midt oppe i miljøet.  Utgangspunktet er det aller beste. Forgjengeren he lagt låma. Ei låm det ikkje vert lett å fye, sjølv om det aller meste er positivt i Sørlandets Travpark  no om dagen. Kjetil Olsen er stolt, men audmjuk med tanke på den nye oppgåva som no ligg framføre han. Me ynskjer den nye sjefen lukke til på livsvegen, og ser fram til eit fortsatt godt samarbeid med» bygdebladet for dalstroka innanfor.»

Kjetil Olsen. Den nye sjefen på Sørlandets Travpark.

Kjetil Olsen. Den nye sjefen på Sørlandets Travpark.

Stengt for kommentarer.