Den 25.08 skreiv me om entrepenøren NCC som krevde 3700.- kroner for denne asfaltflekken i Evje sentrum. Røyrleggjar Øystein Lien tykte dette var i meste laget. Ein venesæl og stillfaren kar som ikkje vil falle ut med nokon som helst. Etter at moisund.com skreiv om dette «ranet»- og dei ansvarlege gutane hjå entrepenøren NCC las artikkelen, så fekk pipa ein annan lyd. NCC drog til vet og halverte rekninga. Røyrleggjaren vart nøgd og resultatet vart framifrå. Takk til NCC for nestekjærleik, sundt bondevet og framifrå handtverk.





