Ei veke før Stortingsvalet så byrjer resultata frå dei ulike skulevala å tikke inn i redaksjonslokala. Me plukkar ut einskilde, lokale resultat og kunngjer dei her på nettstaden. Dette er resultat som både valforskarar- og stortingspolitikarar fyer nøye med på. Skulevala gjev ofte ein svært så god peikepinn på det endeleg valresultatet. Fyrste resultatet som me fekk inn var frå den kristne skulen KVS Bygland. Her var det Framstegspartiet som gjekk av med sigeren, tett fulgt av Krf. To parti som er samde om mykje, men samstundes stend evig langt frå kvarandre i grunnleggjande verdispursmål.. Synet på Israel gjer nok at Siv Jensen hauster mange verdfulle røyster frå den kristne bolken av veljarmassa. Skulevalet på KVS Bygland vart ei katastrofe for det raudgrøne regjeringsalternativet. Ein kan og nemne at valdeltakinga var på heile 92,5 % hjå dei røysteføre. I tabellen under ser du det endeleg valresultatet.
| Røyster | res % | |||
| Kristlig folkeparti | 24 | 32,432 | ||
| Fremskrittspartiet | 26 | 35,135 | ||
| Det Norske Arbeiderparti | 3 | 4,0541 | ||
| Senterpartiet | 2 | 2,7027 | ||
| Høyre | 5 | 6,7568 | ||
| Venstre | 5 | 6,7568 | ||
| Pensjonist partiet | 4 | 5,4054 | ||
| Kystpartiet | 1 | 1,3514 | ||
| Blank | 4 | 5,4054 | ||
| Valdeltaking 92,5% | ||||
![]() |
||||






