x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

september 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
logo-gsi

Alf Andersen – no også som brubyggjar

DSC01426 Alf Andersen frå Byglandsfjord er ein meir enn vanleg oppteken pensjonist. Stadig er han å sjå rundt i bygda i den vesle raude kassebilen. På kvar side av bilen stend det prenta «Alfa Film.» med kvite bokstavar. Ein røynd fotograf- og filmmann med både Fevennen, Agderposten, NRK og TV2 på kundelista. Ein nevenyttig kar som kan brukast til det meste. Ikkje så reint sjeldan dukker det opp både gode tips- og fine bilete i redaksjonen på Moi. Signert Alf Andersen. DSC01426

Eit av produkta til Alf som det no om dagen er ein voldsom etterspurnad etter er såkalla «vernekasser » til å setje kring motorane til varmepumper. Den nye genersjonen varmekjelder for både bustadhus- og næringsbygg. Slike vernekasser beskytter utstyret mot ver og vind samstundes som dei, i fylgje leverandøren, er med på å auke effekten. 10-15 slike kasser vert levert frå verkstaden til Alf kvar einaste veke. Dei store, internasjonale leverandørane av varmepumper he verkeleg  vakna, og retter no blikket mot den vesle verksemd på Byglandsfjord. Bygda som no kan  verte vidgjeten for meir enn yoghurt, økologisk mjølk,  Kviteseidsmør og Kai Larsen Mekaniske Verkstad.Bro fra høy vest

No ser det ut til at Andersen også kan brødfø seg som brubyggjar. Heime i hagen sin på Byglandsfjord he han sjølv laga ei flott bru. Detter er eit produkt som he vekkja åtgaum hjå hageeigarar langt ut øve røystekrinsen.  Ein heilt spesiell konstruksjon som gjer dette til ei etterspurd vare på den opne marknaden. Ein etterspurnad så stor at leverandøren he problem med å levere til alle som vil gå tørrskodd øve bekken.Odden  bro

«Pikene på broen » vert aldri det same etter at Alf Andersen monterte eit slikt bruspenn i det nye hageanlegget på Odden Camping. Sjølv hageekspert, og tidlegare statsråd Astrid Gjertsen (t.v. ) let seg imponere.

Alf Andersen er stadig på veg med nye bru-prosjekt. Der det renn ein bekk, eller ei elv, der er Alf på plass med målebånd og fotografiapparat.

Alf Andersen er stadig på veg med nye bru-prosjekt. Der det renn ein bekk, eller ei elv, der er Alf på plass med målebånd og fotografiapparat.

Stengt for kommentarer.