x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

september 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
logo-gsi

Moisund fær eigen mann i Nasjonalforsamlinga

kjell-ingolf-2-500x316Mandatfordelinga frå Moi røystekrins er lang frå noke spegelbilete av valresultatet. Arbeiderpartiet som, nasjonalt, gjorde  eit svært bra val fekk ingen representant frå Moi. Line Vennesland må vente i 4 nye år på fast tingplass. Jenta er ung- og lovande, og me veit ho ein dag vil lukkast. Kjell Ingolf Ropstad kan ringe til Lars Kile og bestille ny dress. Ungguten frå Moi  austkant fær no fast sete på Stortinget. Eige skrivebord med namnet sitt på. Namneskilt på dynna- og gratis heimreise kvar helg.

For fyrste gong, sidan Kvirinius var landshøvding i Syria, he Moisund fenge eigen tingmann. Sjølv om kristelegdemokratane gjorde eit katastrofalt kleint val, så kan ein takke ordninga med såkalla «utjamningsmandat» for at det heile løyste seg til slutt. I dag heiser med flagget, på Moi. Me gratulerer Kjell Ingolf Ropstad med plassen på Stortinget.

Også i redaksjonslokala er det i dag ei letta stemning. No vil nettredaksjonen ha open  telefonline, beinveges  inn i maktapparatet. Det norske.

Den nye stortingsmannen med åna, Strøymøya - og Vorehei i bakgrunnen.

Den nye stortingsmannen. Med åna, Strøymøya- og Vorehei i bakgrunnen.

Stengt for kommentarer.