Denne guten he mang ei sceneopptreden bak seg. Sjølv om det var fyrste gong pratemakeren frå Skarnes vitja Evjemoen, så var han og resten av ensemblet husvarme alt frå fyrste låt. Stemninga i salen like så. Ein fullsett kinosal fekk sjå eit fyrverkeri av ei førestilling. Dene eine historia etter den andre vart avrunda med [...]
SPAR-butikken på Verksmoen
Handelsnæringa på Evje, kolonialhandlarane spesiellt, tykkjest klare seg godt i konkurransen om kundane. I ei nyleg kunngjort undersøkjing syner det seg at Evje ligg heilt på topp i Agder når det gjeld omsetnad pr innbyggjar. Evje er i ein heilt eigen divisjon. Undersøkjinga syner at i høve til folketalet så handlar kvar [...]
Han lyt finne seg å stille i favorittklassa, ordføraren i Bygland Knut Austad. Torsdag 24 september vert det høgtideleg opning av eit nytt idrottsanlegg, jamsides Otrahallen. Det vert høgdehoppduell mellom skarpskodde ordførarar frå heile Indre Agder. Knut er favoritt. Lett på vektskåla, lange føter og med eit vakent blikk. Knut ser opp-og fram. Tønes Seland [...]
No er det ingen veg attende. Den umåteleg gilde guten frå Kjetså, Petter Heggland, skal gifte seg laurdag den 19. september. Han fann kjærleiken i Mandal, og dei næraste åra skal han dele kjøkken, vedkorg- og seng med Åse Marit Tjomsland. Eit grepa kvinnfolk seier dei som kjenner jenta. I fylgje tåleg truverdige kjelder he [...]