x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

september 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
logo-gsi

Øystein Sunde i storform

Sunde03Denne guten he mang ei sceneopptreden bak seg. Sjølv om det var fyrste gong pratemakeren frå Skarnes vitja Evjemoen, så var han og resten av ensemblet husvarme alt frå fyrste låt. Stemninga i salen like så. Ein fullsett kinosal fekk sjå eit fyrverkeri av ei førestilling. Dene eine historia etter den andre vart avrunda med ein song. Øystein var innom tema som  presten Gelius, Bill Gates, folkemusikkhalvtimen, religion og mykje meir. Heile tida knytt til ei god historie og med låtten på lur. Folk lo og klappa. «Meget i sløyd» er eit fantastisk show til meir enn ein M, det stend til ein seksar på terningen!

Det vekkja og åtgaum i salen då guten drog til med ei låt på nynorsk. «Sett deg i armkroken min» var ei låt som han opphavleg skreiv til Ivar Medaas. Elles var det ei lett blanding av nytt og gamalt ispedd gitarspel som berre denne gjengen kan. Eg vonar dei kjem attende ei anna gong. Då kjem eg og!

terning-6Sjå lysbilete frå showet under.

sunde01

Picture 1 of 15

Stengt for kommentarer.