x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

september 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
logo-gsi

Opning av nytt idrottsanlegg på Hornnes

austadHan lyt finne seg å stille i favorittklassa, ordføraren i Bygland Knut Austad. Torsdag 24 september vert det høgtideleg opning av eit nytt idrottsanlegg, jamsides Otrahallen. Det vert høgdehoppduell mellom skarpskodde ordførarar frå heile Indre Agder. Knut er favoritt. Lett på vektskåla, lange føter og med eit vakent blikk.  Knut ser opp-og fram. Tønes Seland frå Byremo er meir seinfør, stutt i drittfallet og kan ikkje på noke vis nå opp i denne tevlinga. Det kan heller ikkje den velfødde ordføraren i Iveland, Ole Magne Omdal. Ein gild gut, og ein ordførar i øvste klasse. På idrottsbanen he han lite å gjere. Høver best i saufjoset. Den største utfordraren kjem truleg frå Åseral. Oddmund Ljosland er fødd og oppvaksen på snaufjellet. Seig som eit bikkjeskinn, men truleg for seinfør i tillaupet. Ingen utprega konkurransemann, men ein gild gut – og heilt udiskutabelt ein god mann for heimbygda. Høver betre på sauesjå enn på idrottsbanen.

Program opning av fleridrettsanlegg på Hornnes 24.september 2009

Arrangementet blir ledet av Finn Bjørn Rørvik

1700                Åpning

  • Song/Musikk v/Inger Lise Stulien Robstad og Knut Kjetil Møen
  • Helsingstaler
  • Bryting av målsnor/opning av Ida Marcussen med fleire
  • Påmelding til 3 – kampen, 9 – 16 år

1730                Underhaldning / konkurranser

  • Ordførerduell i høgde
  • Instruksjon i høgde v/Ida Marcussen
  • Sandvolleyball v/ SVGS
  • 3 – kamp 9 – 16 år     -     60 m sprint

-          Lenge

-          Ballkast

1900                Folket prøver anlegget

  • Idrettsmerkeprøver 16-100 år
  • Lengde uten tilløp
  • 60 M
  • Liten ball

- Minnemedalje til alle deltagere

- Is og brus til borna

- Vaffler og kaffe til vaksne

Vel møtt!

Helsing

Otrahallen AS

Stengt for kommentarer.