x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

september 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
logo-gsi

Redaksjonsmøte på historisk grund

Praha008Vel 40 år etter dei Sovjet-russiske stridsvognene rulla inn i hovudstaden i Tsjekkoslovakia, og den unge studenten Jan Pallach brende seg til daude på Vachlavske Namesty i sentrum av Praha,  er moisund.com tilstades på åstaden. Blandt gode kolleger, og gode vener vert me synt rundt i den historiske byen. » Alle byers mor » – » Byen med de 1000 tårn» eller den kulturelle hovudstaden i Europa. Tsjekkiske bladfykar luktar øl lenge før lunch. Heilt i ånda åt Kåre Valevrokk. Me he vore på Karlsbrua, ved St. Vitus- katedralen og ved «det astronomiske ur» på torgplassen  i gamlebyen.

Mange sterke inntrykk, og ein kraftig inspirasjon for den vidare drifta av nettstaden. På kveldane rusler me gatelangs, barføtt i sandalane- og berre påkledd stuttebukser. I dei mange matstovene finn me mykje god mat og tilhøyrande lokal drykk. Pengesetlane er dryge i Praha, folk er gilde og gjestfrie. Temperaturen ligg kring  30 gradar i skuggen, og om nettene legg me dyna på golvet. Varmt- men godt for ein sliten og velbrukt lekam. Me he teke mange bilete til bruk i seinare reportasjar, men her kan du sjå ein del ljosbilete frå ein rusletur før morgonmaten i dag. Verda er ikkje så stor. Det vil du sjå på nokre av bileta. Stundom møtte me på kjentfolk frå dalstroka innanfor. Einskilde ynskja å vere anonyme, medan andre meir enn gjønne stilde opp framføre kamera.

praha001

Picture 1 of 202

Stengt for kommentarer.