x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

september 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
logo-gsi

No er det tid for hagearbeid

DSC_0008 (2)No lyt du sanneleg kome deg ut av godstolen og ut i hagen. September månad er ein framifrå månad for hagearbeid. Plenklypparen kan du snart parkere i sokkeletasjen- eller i garasjen. Ikkje klypp plenen  for stutt no like før vinteren og kuldegradane kjem. Dette seier Geddi Høiland hjå «Odden Plantemarked» på Evje. Den nye plantemarknaden- og det fantastiske, tilhøyrande hageanlegget he alt vorte ein omtykt turistattraksjon i bygda. No førebur Gudrun og Geddi seg på å gå i vinterdvale. I alle fall så gjer blomane det.

Geddi Høiøand (t.v. ) og Gudrun Salvesen

Geddi Høiland (t.v. ) og Gudrun Salvesen

No om dagen er det haust-sal hjå Odden Plantemarked. Halv pris på buskar, frukttre, stauder, roser – og så uendeleg mykje meir. Kundane finn fram, og jentene i butikken he travle dagar. Geddi seier at heile september er ein god månad med tanke på planting i hagen. Når du set plantene ned i fuktig haustjord er dei mykje betre førebudd dersom neste sumar syner seg å verte turr og regnfattig. Både buskar, frukttre og staudar set umåteleg pris på å kome i jorda på denne årstida. Så held du deg langt unna gjødselsekken no om hausten. Plantene skal inn i ein roleg periode. Dei skal «sove». Dersom du strør på gjødsel, no på hausten, vert plantene mindre motstandsyktige mot snø og kuldegradar seinare på vinteren. Blomelauken kan du au finne fram. Så lenge jorda er fri for klake kan du spa ned blomelauk, seier Geddi. Er du det minste i tvil om noke så finn du vegen til Odden Plantemarked sjølve. Jentene finn du anten i butikken eller ute i hagen. Mykje skal klargjerast før frosten kjem. No gjeng dei snart i dvale. Blomane.

Framleis fine fargar i hagen ved Odden Camping.

Framleis fine fargar i hagen ved Odden Camping.

Stengt for kommentarer.