
Roar Åtland
Jobbane i kommunen tykkjest vere meir populære enn nokon gong. Då det nyleg vart lyst ut to vaktmeisterstillinger i Evje & Hornnes kommune, kunne driftsleiar Torgeir Hodne vele blandt heile 57 søkjarar. Dei aller fleste med godt vet- og solid arbeidsrøynsle. Etter nøye vurderinger, intervjuer og gjennomgang av ei solid bunke med søknadspapir så fall avgjerdsla på to røslege Evjegutar. Ein av dei er Roar Åtland.

Åtland er ein gut i sin aller beste alder. 49 år gamal kjenner han kvar einaste telefonkabel mellom Flekkerøya og Bjåen. Roar tok til i Televerket i 1979. Seinare vart det Telavi, Bravida og Relacom. No he truleg denne røynde telemontøren teke til på siste etappe. Evje & Hornnes kommune tykkjest vere ein omtykt arbeidsplass. Den nye vaktmeisteren skal ha hovudbase på Evjeheimen, men sjølvsagt vere tilgjengeleg for kundar i heile kommunen. Mellom anna med ansvar for hjelpemiddel – og ikkje minst tryggleiksalarmar. Kor mykje Åtland skjøner seg på rullatorar, do-stolar og krykker, ja det veit me ikkje så mykje om. Me kan likevel slå fast at når det gjeld tryggleiksalarmar og telefonar så kan denne karen det aller meste. Dei eldre, dei rørslehemma og andre trengjande i kommunen kan take det heilt med ro. Roar Åtland vil- og kan hjelpe dykk alle. Ein reinsleg og gild gut å få vitjing av i heimen – eller på heimen.

Steinar Tjessem ( foto: moisund.com )
Steinar Tjessem (46 ) er au eit val frå absolutt øvste hylle. Denne karen he vore bygningsmann i 30 år. Dei siste 5 åra som lærar i bygningsfag ved den vidaregåande skulen på Byrmo. No skal Steinar take seg av naudsynt vedlikehald og reparasjonar av kommunale bygg. Rett mann på rett stad. I arbeidsavtala he unge Tjessem og skrive under på at han skal take seg av dei kommunale grøntanlegga. Blomar, hekker og plenar. Ikkje noke problem for denna karen vert det sagt hjå kommuneleiinga.
Steinar trivast i den nye jobben. Han lengtar ikkje attende til lange dagar, seine kveldar og kleint med ferie, slik det ofte er for sjølvstendig næringsdrivande. Tjessem gler seg til å gå på jobb kvar einast dag – og til ha fri kvar einaste helg.





