x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

september 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
logo-gsi

Ei magisk oppleving – ein fantastisk kveld

DSC_0032Konserten som vart skipa til nede i fjellhallen på Mineralparken no på torsdagskvelden vil- og bør gå inn i soga som ei av dei aller største musikalske opplevinger i  Hornnes sokn dette sekelet. Maken til konsert skal du leite lenge etter. Akustikken her nede under jordoverflata må berre opplevast. Fullt trykk på lydanlegget og den gamle slageren » Great Balls of Fire» med Jerry Lee Lewis dundra mellom bergkrystaller, kinesisk marmor og Feltspatt frå Iveland. Stemninga var magisk. Då orkesteret drog til med eit av høgdepunkta, «My way «- ja då var det mange som fraus nedetter ryggsøyla. Frank Sinatra var ikkje langt unna.  Her hadde bygda vitjing av solistar og musikarar i den øvste nasjonale divisjonen. Kring 50 personar løyste billett og fekk med seg ei kulturoppleving dei ikkje vil gløyme. Takk til fam. Hansson og Setesdal Mineral Park for ein fantastisk kveld.Orkesteret he sitt utspring frå studentmiljøet ved Universitetet i Agder. Vokalistar var Charlotte Bredesen og Knut Marius Djupvik.  På piano hadde dei med seg Kristian Andresen, bassisten heitte Torjus Eggen, trommis Lars Erik Ask og endeleg ein framifrå gitarist som heitte Knut Ingolf Brenna.

Dei to vokalistane imponerte på kvar sin måte. Djupvik var absolutt på sitt beste då han slo seg laus i " Great balls of fire."

Dei to vokalistane imponerte på kvar sin måte. Djupvik var absolutt på sitt beste då han slo seg laus i " Great Balls of Fire." Då rykka det kraftig i rockefoten på både John Gautestad og Magnar Haugen. Dei dansa ikkje.

DSC_0014

Det gjekk slag i slag med kjente og kjære melodiar. Konserten var delt opp i to bolkar. I pausa vart det servert kaffe og gjærbakst oppe i matstova. Folk kosa seg kring steinborda og kunne knapt vente til neste musikalske høgdepunkt.På spelelista stod kjende melodiar frå m.a. James Taylor, Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Beatles, Elvis. Frank Sinatra, Dance With a Stranger, Simon & Garefunkel, Jerry Lee Lewvis, John Travolta, Olivia Newton John og den no avlidne Michael Jackson.DSC_0008

DSC_0011

Charlotte Bredesen he mastergrad i utøvande musikk. Ho he røynsle frå Kristiansand Storband, og frå ulike framføringer på NRK fjernsyn. I si tolking av Olivia Newton John, med tema frå musicalen "Grease" fekk ho verkeleg bruk for den klåre røysta. Det same då ho i duett med Knut Marius Djupvik framførte " Bridge over troubled water" av Simon & Garefunkel. Strålande, imponerande- beint fram meisterleg.

DSC_0015

DSC_0069

DSC_0023

DSC_0081

DSC_0092

DSC_0093

DSC_0120

DSC_0017

DSC_0036

Stengt for kommentarer.