x

Kva skjer?

Logo

Arkiv

 

september 2009
må. ty. on. to. fr. la. su.
« aug   okt »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
logo-gsi

Innbrot på go-kartbanen

DSC_0083Johan Kvareng eig og driv go-kartbanen på Moisund. Fredag morgon klokka 07:04 vakna guten av at det vart knust ei glasrute i restaurangen i fyrste høgda på administrasjonsbygget. Johan søv i andre høgda. Med berre eit par Dovre underbukser slengjande rundt lekamen heiv han seg ned trappa og tok kjeltringen i fullt arbeid på åstaden. Det er som sagt ikkje lov å slå i hel folk i dette landet så  etter å ha fortald tjuven nokre velvalde ord laut Johan  sleppe bytet ut i haustmyrket att. Glasruta til restaurangen var knust, og det same var frontruta på Volvoen. Politiet kom raskt til åstaden med topptrente mannskap og mannvonde scheaferhundar. Klokka 13:14 er tjuvpakket framleis ikkje bak lås og slå. ( foto: moisund.com )

1 kommentar til Innbrot på go-kartbanen