Janette Åteigen Aasland var lenge ei ung, lovande og sjarmerande foretningskvinne. I dag er ho framleis ung- og ikkje minst sjarmerande. Saman me sambygdingen Hanne Bygland driv ho den velrenomerte kledeforretninga «Sjarm » midt i sentrumsgata på Evje. Denne helga markerer jentene 2 års jubileum for forretninga som i løpet av to travle år he klart å markere seg som ein gild stad å handle- og ei forretning med eit solid og variert utval. Her finnast klede til dei fleste aldersgrupper. Både gutar og jenter- mannfolk og kvinnfolk. Her finn du kostbare merkeklede frå dei vidgjetne motehusa på kontinentet- og du finn sjølvsagt dongeribukser og tunika i langt lågare prisklasser. Folk frå heile Sørlandet valfartar til «Sjarm» på Evje. Jentene veit å setje pris på kundane sine.Denne helga, fredag og laurdag, klemmer dei til med eit skikkeleg jubileumssalg. Skal du t.d. handle nye dongeribukser til haustferien så kjem du ikkje utanom «Sjarm.» Du kan take med deg to par- medan du berre betalar for det eine. Eit merkeleg reknestykke, men altså eit knakande godt tilbod. Janette er og medeigar i forretninga » Stæsj » som ligg eit par hundre meter lenger mot sør i handlegata. Her kan du m.a. handle deg nye sko- og ei krukke med godlukt til kåna. Janette ordner det meste. Ung, lovande og – sjarmerande.

Hjå Janette finn du ikkje berre klede. Du finn også tilbehør slik som smykker, vesker, belter og sjerf. Fredag og laurdag er det venta storinnrykk på forretninga.







