Han smilar av det heile, evjeguten Finn Bjørn Rørvik. Som medeigar i «helsehuset» i Vennesla sentrum ville han pynte eit grann på fasaden. Måle vindaugskarmen, skifte vassbord på tåka, nye dørmatter- og skru opp eit nytt skilt på veggen. Så gjekk det slik til at ordlyden på dette skiltet ikkje vart heilt korrekt i høve til rettskrivingsreforma. Den norske. Det var heilt på hengjande håret at ikkje språkprofessor Finn Erik Vinje stupte like inn i dauden då han vart gjort merksam på skrivefeilen.«Dette er et helt utvetydig brudd på alminnelige, norske skriveregler. Det er hårreisende at et helse- og velferdssenter skal gå i spissen for å bryte med offentlige regler for hvordan man setter sammen ord,» støner den skriftlærde.
Rørvik er meir enn vanleg talefør og meiner språkprofessoren he gjenge ut på dato. Han let seg slett ikkje vippe av pinnen av ein gamal nedstøva professor, og gjev svar attende som fær Vinje til å verte tagal. Ikkje noke godt teikn for ein språkprofessor.
Rørvik er ein venesæl mann som vil alle vel. Professor Vinje- og dei frå Moseidmoen og Tvidøblane medrekna. Skrivefeilen er retta opp. Det er komen bindestrek mellom dei to fyrste orda – og det er komen ein ekstra S i det siste ordet på skiltet. No vil truleg venneslafolk på ny finne vegen til både apotek, lækjar – og til velferdssenteret. Vonleg vil freden senkje seg øve industrimetropolen, handelen vil take seg opp att i Sentrumsgata- og språkprofessoren kan halde fram med å lyse i bann både norske dialektar- og norsk talemål. Berre ikkje i Vennesla. (foto: privat )





