«Møteplassen» lever opp til namnet sitt. Dette er no eit kjend treffpunkt for fastbuande og tilreisande. Strategisk plassert i innkøyringa til Evje sentrum. Verksemda har no halde på ei stund, men etter at nye eigarar er komne inn er det no på gong nokre endringer. Ny matsetel og utvida opningstider er det ein i fyrste [...]
Det er høgsesong for museinvasjon i hus og heim. Me he tidlegare skrive om evjemannen Dagfinn Madsen som nyleg he teke patent på ei eiga, nyutvikla felle. No vender me blikket mot Iveland. Mot Mykjåland. Der er det korkje feller, djupe vassbytter eller drepande gift som er løysinga. I Iveland er dei på mange måtar [...]
Bernt Audun Strømsli (bilete ) er teknisk sjef i Evje & Hornnes kommune. Fyrstkomande måndag, kl 18:00, vert det skipa til folkemøte på Furuly. Strømsli vonar mange vil finne vegen til fleirbrukshuset denne ettermiddagen. Tema for møtet er kommuneplanen for 2010 – 2020. Spesielt viktig er det at grunneigarar, som på ein eller annan måte [...]
«Når nettene blir kalde, og kulda setter inn..» heiter det i ei kjend og kjær vise. No er det tida. Snart fyllast kjellar og loft med dei små lynraske kreka. Det kraslar i golv- og i tak. Folk handler inn både feller og gift. Mange gonger heilt fånyttes.Nye patentar og nye sikre metodar vert utprøvd. [...]
Otra IL he no registrert medlem nr 1100. Me vil med dette gratulere Ben Kristian Einarsen med det eksklusive medlemskapet, og vonar han vil få mange gilde stunder som medlem av denne lokale samskipnaden. Ein kan samstundes gjere merksam på at dagleg leiar i Otra IL, Tony Halsall, no er på handletur for å finne [...]
He du ei mening om korleis Evje sentrum bør utformast i framtida ? Kommunen er oppteken av at så mange som mogleg av innbyggjarane skal seie si meining om dette. Eit viktig planarbeid er i full gong. Det vert no lyst ut ein konkurranse der det beste forslaget vert premiert med ein sjekk pålydande 10 [...]
Neste veke er det klart for massevaksinasjon av innbyggjerane i Åseral. Kommunelækjar (eller doktorkåna som ho vert kalla), Ann-Margret Håland, vonar at så mange som mogleg tek vaksina på helsehuset neste tysdag og onsdag. Vaksinasjonen har alt starta for folk i risikogruppa. For å ufarleggjere vaksinasjonen vart det og plukka ut nokre «forsøkskaniner» sist veke [...]
Bente Lill Honnemyr som starta si fotballkarriere som miniputt i Otra for 13 år sidan, er no klar for eliteserien. Donn sitt damelag vart i går klar for den øvste divisjonen. Bente Lill er opphavøleg frå Iveland, men budde og nokre år på Hornnes kor fotballkarriera tok til. Moisund.com gratulerer og ynskjer lukke til i [...]
Alt før elgjakta tek til kan ein få tak i jolebrus og kakemenn hjå dei lokale matvarehandlarane. Heile tre månader før kyrkjeklokkene ringer inn jola på jolaftan. Nokon meiner at dette er noko tidleg og at handelstaden trekk jola lenger ut enn det som er naudsynt. Kva meiner du? Avrøysting og kommentarer!
Han kom frå sprøytespisser og gassbind på sanitetsmagasinet på Evjemoen for 30 år sidan. Mangel på spelarar hjå bedriftslaget til Handel & Kontor var hovudårsaka til at Klemmet Torgersen vart henta frå teneste hjå Kongen- til teneste som selgjar innan manufaktur. Før han kunne signere arbeidsavtalen måtte den spreke guten underteikne ei livslang kontrakt med [...]